1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Etikk og bioteknologiChevronRight
  5. Biobankar – levande innskotChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Biobankar – levande innskot

Her finn du arbeidsoppgåver og spørsmål til diskusjon knytt til filmen Biobanker – levende innskudd.

Mange reagensrør med blodprøver. Foto.

Sjå filmen Biobankar: levande innskot. Bioteknologiskolen 10.

Spørsmål

  1. Kva er ein biobank? Gi eksempel på materiale som kan vere lagra i ein biobank.
  2. Kva blir lagra i den globale frøkvelven på Svalbard? Kvifor er han oppretta, og kvifor er han plassert på Svalbard?
  3. Tenk deg at nokon vil forske på biologisk materiale frå deg som ligg lagra på eit sjukehus. Ønskjer du å bli spurd før forskarane går i gang, eller er det tilstrekkeleg for deg at forskingsprosjektet er godkjent av ein etisk komité? I kva tilfelle ønskjer du å bli kontakta?

Arbeidsoppgåve 1

Skal biologisk materiale frå deg kunne lagrast etter du er død òg? Meiner du at familiemedlemmene dine bør spørjast før forskarar kan undersøkje gena dine etter du er død? Skal familiemedlemmer kunne be om at gena dine blir undersøkte for disposisjon for arveleg sjukdom?

Arbeidsoppgåve 2

Viss forskarar finn ut at du vil kunne utvikle ein sjukdom – vil du vite det? I kva tilfelle ønskjer du å bli kontakta?

Arbeidsoppgåve 3

Tenk deg at du er ein lege som ønskjer å byggje opp ein biobank med blodprøvar frå pasientar og familiane deira for å leite etter arvelege årsaker til eggstokkreft. Diskuter kva du bør passe på når du lagar ein slik biobank med biologisk materiale frå desse pasientane og familiane deira.

Arbeidsoppgåve 4

Politiet har ein eigen biobank med biologisk materiale frå ei rekkje menneske. Kven er registrert i denne biobanken, og korleis blir han brukt?

Læringsressursar

Etikk og bioteknologi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    BT-plantar

  • SubjectMaterialFagstoff

    Gentestar

  • SubjectMaterialFagstoff

    Syntetisk liv – nye moglegheiter?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Klimakamp med syntetiske celler

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kven eig syntetisk liv?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Søknader om innførsel av genmodifisert mat og fôr

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Bioprospektering: Naturen sett med nye øyne. Bioteknologiskolen 9.

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Biobanker: levende innskudd. Bioteknologiskolen 10.

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Bioprospektering – naturen sett med nye auge

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff