Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturfag PåbyggChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Arv og miljø avgjør kven vi erChevronRight
  5. Forsøk: Genetisk hjulChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Forsøk

Forsøk: Genetisk hjul

Formålet med dette forsøket er at du skal bli meir bevisst på genetisk variasjon og det store talet eigenskapar vi har. Du skal trene på å bestemme genotypen og sjå samanheng mellom genotyp og fenotyp.

Forklaringar til det genetiske hjulet:

  • Det genetiske hjulet. Illustrasjon.
    Det genetiske hjulet.
    Øyreflippar: Somme har tydeleg frie øyreflippar (Ø-), mens andre har øyreflippen festa innåt kjaken (øø).
  • Bøygd veslefinger: Hos nokon er det ytste leddet på veslefingeren bøygd innover mot ringfingeren (B-). Hos andre er ikkje leddet bøygd (bb).
  • Haiketommel: Somme kan bøye det ytste leddet på tommelen utover slik at vinkelen til leddet innanfor (tt) kjem ned mot 45º. Hos andre er tommelen rett (T-).
  • Hår: Somme har hår på midtleddet på fingrane (H-), andre har det ikkje (hh).
  • Frekner: Somme har frekner (F-), andre har det ikkje (ff).

Utstyr

Det genetiske hjulet skrive ut på papir, og gjerne nokon å arbeide saman med.

Framgangsmåte:

  1. Start i sentrum av det genetiske hjulet.
  2. Ta for deg ein og ein av dei eigenskapane som er nemnde, og kryss av for dei eigenskapane som du sjølv har. Til slutt kjem du fram til eit tal ytst på hjulet.
  3. Etter at heile klassen har fullført, kan du finne ut om nokon har fått same tal.

Vurderingar:

  • Om nokon har fått same tal, kan du sjå om dei personane er meir lik kvarandre enn dei andre i klassen?
  • Ville dei fått like tal dersom eigenskapane som står innerst og ytst i sirkelen vart bytta om?
  • Vi kan føye til ein eigenskap (eller bytte ut); for eksempel folding av hendene med høgre (dominant) eller venstre tommel øvst. Korleis påverkar det resultatet?
  • Dette hjulet registrerar berre 6 av omtrent 22 000 genar, så kor mykje fortel slike tal som i dette eksperimentet om lik arv og slektskap?

Eksempel:

Sirkulær tabell med bokstavkombinasjoner. Grafikk.
Eksempel på genetisk hjul

Figuren syner det genetiske hjulet til ei jente som har frie øyreflippar, rett veslefinger, haiketommel, manglar hår på midtleddet på fingrane og har frekner. Ho får talet 15.

Tips:

På genetiske hjul som det vi har her, fargelegg ein den eine av to eigenskapar som kan veljast: frie eller faste øyreflippar, brune eller blå augo og så bortetter.
Talet ein ender opp med vil endre seg om ein byter rekkefylgje på eigenskapane, eller om ein set inn andre eigenskapar.

Filer

Læringsressursar

Arv og miljø avgjør kven vi er

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter