Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Introduksjon – Lys og bølgjerChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Interaktiv bølgjeoppgåve

Denne simuleringa viser korleis bølgjebevegelsar forplantar seg på ein streng. Du kan prøve ut korleis bølgjer oppfører seg under mange ulike forhold som du lett kan endre, men for å gjennomføre oppgåvene under, må du velje bestemte innstillingar.

Framgangsmåte

For å sjå tydeleg kva som skjer, hakar vi av på «Puls» for å sende enkeltpulsar bortover strengen, og «Laus ende» for å få bølgjetoppar både same veg og motsett veg.
Vel «Inga» demping og «Låg» spenning. Amplitude og pulsbreidde kan du velje fritt.

  1. Trykk på den grøne knappen som sender ein puls bortover strengar og sjå kva som skjer.
  2. I god avstand frå den første pulsen, sender du ein puls til. Studer nøye kva som skjer når pulsane møter kvarandre. Vel gjerne «Sakte bevegelse».
  3. Kva skjer når to pulsar med like utslag møter kvarandre?
  4. Kva skjer når to pulsar med motsette og like store utslag møtest?

Vi ser at bølgjene ikkje har forandra seg etter at dei passerte kvarandre. I tillegg ser du kanskje at utsvinga for dei to bølgjene blir lagde saman når dei er på samme staden. Det er dette som blir kalla overlagring.

Overlagring: Viss fleire bølgjer er til stades på samme staden, gir dette ei ny bølgje der utsvinga er summen av utsvinga til alle enkeltbølgjene på denne staden.

Tenk over:

Er overlagring mogleg for partiklar? Kva skulle i så fall skje med to bowlingkuler som kolliderer?

Læringsressursar

Introduksjon – Lys og bølgjer

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Store og små tal

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter