Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Stoffskiftet gir energi og byggjesteinarChevronRight
  5. Celleanding og lagring av energi i celleneChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Celleanding og lagring av energi i cellene

Celleandinga er kjemiske reaksjonar som skjer i cellene, og som frigjer energi frå næringsstoffa. Mykje av den frigjorde energien blir deretter lagra på ny i små molekyl som blir kalla ATP. ATP transporterer energien til dei delane av cella som treng energien.

Celleanding blir òg kalla forbrenning

Enzym katalyserer alle reaksjonane slik at dei kan skje ved kroppstemperatur. Gjennom mange reaksjonar blir næringsstoff og oksygen danna om til karbondioksid og vatn. Dermed blir det frigjort mykje energi. Dersom cellene ikkje får nok oksygen, kan cellene danne om glukose til mjølkesyre, men då blir det frigjort mykje mindre energi. Mjølkesyre fører til at ein blir stiv og utmatta – eit velkjent fenomen for dei fleste.

Aerob celleanding

Aerob celleanding skjer i alle cellene i kroppen vår.
Forbrenninga bruker oksygen, og avfallsstoffa er karbondioksid og vatn.

Glukose + oksygen → karbondioksid + vatn + energi

C6H12O6 + 6O2 → 6CO2 + 6H2O + energi (>30 ATP)

Cellene kan forbrenne både karbohydrat, feitt og protein. Ein stor del av den aerobe celleandinga finn vi i mitokondria . Det blir frigjort mykje energi, og det blir danna over 30 ATP. For eksempel har muskelceller mange mitokondrium, for dei treng mykje energi, i motsetning til feittceller som har lite behov for energi og derfor har færre mitokondrium.

Anaerob celleanding

Anaerob celleanding skjer i muskelceller som ikkje får nok oksygen. Anaerob celleanding bruker ikkje oksygen, men gir då òg mykje mindre energi enn aerob celleanding. Reaksjonane skjer berre i cytoplasmaet i cellene.
Glukosen blir broten ned til mjølkesyre, som etter kvart vil hope seg opp og hemme aktiviteten i musklane. Cellene klarer derfor ikkje å drive anaerobt muskelarbeid så lenge om gongen.

Glukose → mjølkesyre + litt energi

C6H12O6 → 2C3H6O3 + energi (2ATP)

Energilagring i cellene

Cellene har spesielle energiberande molekyl som er korttidslager for energi. Dei har som funksjon å overføre kjemisk energi frå eitt molekyl til eit anna inne i cella.
Det viktigaste av desse er adenosintrifosfat, ATP. I ATP ligg energien lagra og er klar til bruk. Når cella treng energi, blir ATP spalta til ADP (adenosindifosfat) og ei fosfatgruppe under frigjering av energi.

ATP → ADP + fosfat + energi

Spalting av ATP. Illustrasjon.
Spalting av ATP.

ATP kan samanliknast med eit lite ladd batteri som kan ladast opp, og ADP kan samanliknast med eit slikt utladd (flatt) batteri. ADP kan nemleg ladast opp på ny til ATP når næringsstoff forbrenn i mitokondria.

Opplading av ATP. Illustrasjon.
Opplading av ATP.

ADP + fosfat + energi → ATP

Læringsressursar

Stoffskiftet gir energi og byggjesteinar