Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Fagstoff

Etos

Etos kan vi definere som truverd, eller avsendaren sitt truverd. Når du skal skrive ein tale eller eit debattinnlegg, er det viktig at publikum har tiltru til at det du seier, er sannsynleg eller sant. Det legg mykje av grunnlaget for at du lykkast med å overtyde.
Erna Solberg står foran valgplakatar med slagord. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du kan skape truverd på ulike måtar:

  • Du kan for eksempel vise at du har mykje kunnskap om eller erfaring med det temaet du talar om. Då framstår du som klok.

    • Eksempel: «Eg har brukt bodylotion frå The Body Shop i fem år, og derfor veit eg at dette er eit godt produkt.»
  • Du bør prøve å vinne velviljen til publikum for å få dei til å stole meir på deg. Det kan du gjere ved å vise at du er audmjuk, kanskje smigre publikum, eller for eksempel ved å vise at du vil det beste for publikum.

    • Eksempel: «Eg har fått silkemjuk hud av denne kremen, og ønskjer at alle skal få oppleve den kjensla.»
    • Eksempel: «De kan sikkert mykje meir om kroppspleieprodukt enn eg, men likevel vil eg anbefale denne kremen.»
  • Du kan vise publikum at du har ein god moral, at du er oppteken av å ha gode verdiar.

    • Eksempel: «The Body Shop testar ikkje produkta sine på dyr, og dei er med i eit samfunn av etisk handel.»
  • Til slutt kan du vise at du er ekte, eller «deg sjølv» når du legg fram meiningane dine. Du må vise at du er den same i alle samanhengar du uttalar deg i, anten det er på talarstolen, i sosiale medium eller i avisa. Det kallar vi autentisitet.

    • Eksempel: Kanskje ein ung person ville seie: «Produkta er berre dødsbra, og eg får skikkeleg god sjølvkjensle av å bruke dei.»

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elin Marie Voie.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2017