Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Kjeldebruk og kjeldekritikkChevronRight
  4. KjeldebrukChevronRight
  5. Vil du publisere dette biletet?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Vil du publisere dette biletet?

Kan du utan vidare publisere bilete av born? Vurder dei ulike situasjonane.

Liten jente med skrubbsår på knærne. Foto.

Ta utgangspunkt i biletet ovanfor når du svarar på oppgåvene. Først må du studer Datatilsynet si rettleiing

Datatilsynet: Bilete av barn på nett

Sjå også informasjon på nettvett.no:

Bilete av barna på nett

Oppgåve 1

Tenk deg at du jobbar i ein barnehage og har teke dette biletet av eitt av barna.

  • Vil du leggje dette biletet ut på barnehagen si heimeside? Grunngi svaret.

Oppgåve 2

Som pressefotograf besøkjer du barnehagen Bamsebo og tek dette biletet av ei lita jente med skrubbsår på knea. Du ønskjer å bruke biletet i ein artikkel som handlar om det å jobbe som barnehageassistent. Ei av arbeidsoppgåvene er å trøste barn som fell og slår seg.

  • Kva må du tenkje på før du publiserer biletet i lokalavisa? Grunngi svaret.

Oppgåve 3

Du jobbar i ei stor nettavis i Oslo og skriv ein artikkel om seksuelt misbruk av barn. Du kjem over dette biletet på nettstaden til ei lokalavis og finn ut at det passar utmerkt til saka di.

  • Kva gjer du vidare? Grunngi svaret.

Læringsressursar

Kjeldebruk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter