Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Samansette tekstarChevronRight
  5. Oppgåver om samspel mellom uttrykksmåtarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåver om samspel mellom uttrykksmåtar

Oppgåve 1

Vel ei av lærebøkene dine og undersøk ho nærmare.

  1. Korleis er oppgåver og eventuelt fordjupingsstoff markerte?
  2. Finst det faktaboksar? Viss ja, korleis ser dei ut?
  3. Korleis er oppsummeringar markerte (om slike finst)?
  4. Kva for faste element finn du på kapittelforsidene? Beskriv.
  5. Kva for funksjon(ar) har bileta? Utdjupar dei stort sett teksten, eller gir dei for det meste nye assosiasjonar og perspektiv?

Oppgåve 2

Studér Amnesty-plakaten og løys deretter oppgåva.

Kampanjebilde for amnesty international. Reklame.
Frå Amnesty International sin kampanje mot tortur
  1. Beskriv kva for element plakaten består av, og kor dei er plasserte.
  2. Kva er stoppunktet (blikkfanget) på denne plakaten?
  3. Kva slags informasjon gir biletet?
  4. Kva slags informasjon gir dei andre elementa?
  5. Det finst eit spesielt tydingssamspel mellom eitt av elementa i plakaten og biletet. Forklar.
  6. Korleis bidreg fargebruken i plakaten til bodskapen?

Læringsressursar

Samansette tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter