Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Samansette tekstarChevronRight
  5. Biletet som medietekstChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Biletet som medietekst

Alle bilete er resultat av menneskelege val. Biletet er derfor aldri ei direkte attgjeving av røyndomen. Bilete består av visuelle teikn som er sette saman på ein måte som samla uttrykkjer meininga i biletet. Måten vi oppfattar eit bilete på, er styrt av sosiale konvensjonar og den konteksten biletet står i.

To menn innpakket i folie for å få varme i kroppen ser en ny båtlast med flyktninger i gymmibåt på vei mot land. Foto.
Motivet i VG-fotograf Espen Rasmussen sitt bilete "Flukten til Europa" er syriske flykningar som kjem til den greske øya Lesvos. Fotografiet blei kåra til Årets bilde 2015 av Pressefotografenes klubb (PK). Juryen uttalte: "Det er en stillferdig fortelling med voldsom kraft, og favner den viktigste og største begivenheten i Europa på lang tid. Vi vil alle huske gummibåtene som kom i land i 2015. Årets bilde har både kvalitetene til et dramatisk nyhetsbilde og et estetisk maleri."

Å lese eit bilete

Ein skriftleg tekst er sett saman av bokstavar, ord og setningar. Teksten får meining når vi avkodar dei teikna teksten består av. Bilete består ikkje av bokstavar, men av visuelle teikn som er sette saman, komponert, etter bestemte prinsipp. Når vi "les" dette biletspråket, får biletet meining.

Mann og dame på doskilt. Illustrasjon.
Ikonar er visuelle teikn som etterliknar det dei står for.

Måten vi forstår eit bilete på, er styrt av sosiale konvensjonar. Som medlemer av ei sosial gruppe lærer vi å tolke det vi ser, på ein bestemt måte. Derfor kan eit bilete bli oppfatta forskjellig av folk frå ulike kulturar og i ulike historiske periodar.

Nesten alle medietekstar er sette saman av fleire teksttypar. Ein avisreportasje består av eit fotografi og ein skriftleg tekst. Når vi "les" eit reportasjebilete, er det som del av ein større heilskap.
Kunstbilete blir ofte viste fram i galleri, trafikkskilt er plasserte langs vegen. Måten vi forstår desse bileta på, er difor og styrt av den samanhengen, konteksten, biletet står i.

Avisforsider med bilder av Edward Snowden og president Obama. Foto.
Bilete opptrer ofte i ein bestemt kontekst, for eksempel som del av ein samansett medietekst.

Bilete som representasjon

Eit bilete er ei avbilding, ein representasjon, av røyndomen. Måleriet er sett saman av fargeflater som er målte på materiale som lerret, papir, plater, eller direkte på ein vegg. Målinga kan vere påført i fleire lag og ved hjelp av ulike teknikkar. Dei fleste teikningar er laga for hand med penn, blyant eller kolstiftar. Felles for måleriet og teikninga er at røyndomen er attgjeven av ein "kunstnar" – eit levande vesen.

I fotografiet er røyndomen attgjeven ved hjelp av eit mekanisk, optisk apparat. Biletet blir til når lys treff ein fotografisk film eller ei databrikke. Det er derfor lett å tenkje at fotografiet viser røyndomen slik han faktisk er. Men slik er det ikkje. Både motiv, utsnitt og biletvinkel er valt av ein høgst levande fotograf.

Læringsressursar

Samansette tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter