Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språkhistorie og språkpolitikkChevronRight
  4. Kvensk språkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kvensk språk

Kvensk er eit av dei fire nasjonale minoritetsspråka i Noreg. Språket høyrer til den finsk-ugriske språkfamilien. Det kvenske språket er viktig for kvensk identitet.

Kven er kvenane?

Kvenane er ein av fem nasjonale minoritetar i Noreg. Med nasjonal minoritet meiner vi ei etnisk, religiøs og/eller språkleg gruppe med lang tilknyting til landet. Dei fire andre nasjonale minoritetane i Noreg er skogfinnar, rom (sigøynere), romanifolk (taterar, dei reisande) og jødar. Samane er også ein minoritet i Noreg, men dei blir rekna som urfolk. Samisk, kvensk, romanes og romani er definerte som region- eller minoritetsspråk i Noreg.

Kvenane i Noreg er etterkommarar av finsktalande innvandrargrupper i Troms og Finnmark. Dei kjem opphavleg frå Nord-Sverige og Nord-Finland. Dei første kvenane var registrerte i skattemanntalet i Noreg allereie på 1500-talet, men dei fleste av dei kom på 1700- og 1800-talet.

I dag reknar ein alle med finsk språk- og kulturbakgrunn som har kome til Nord-Noreg før 1945 som kvenar, totalt iallfall mellom ti og femten tusen personar. Nokre tusen av dei snakkar kvensk eller finsk, men ikkje alle kan skrive språket. Det er heller ikkje alle kvenar som bruker ordet kven om seg sjølve, for nordmenn har tidlegare brukt ordet nærast som eit skjellsord. Mange føretrekkjer å omtale seg sjølve som finskætta.

På 1500- og 1600-talet kom det finske innvandrarar også til Hedmark og busette seg i den søraustlege delen fylket, i området som i dag heiter Finnskogen eller Finnskogane. Dei utvandra frå ein annan del av Finland enn kvenane og blir kalla for skogfinnar. Nemninga kvensk blir heller ikkje brukt om finlendarar som har busett seg i Noreg i nyare tid.

Er kvensk eit eige språk?

Kvensk er i nær slekt med språket i Tornedalen i Nord-Sverige og med dialektane i Nord-Finland, og mange bruker også i dag nemninga finsk om språket til kvenane. I år 2000 gav den norske regjeringa eit oppdrag til Kenneth Hyltenstam, professor i tospråklegheitspedagogikk ved Stockholms universitet. Hyltenstam skulle undersøkje spørsmålet om kvensk/finsk skulle bli sett på som eit språk eller som ein dialekt. Konklusjonen hans var at ein kunne sjå på kvensk som eit eige språk fordi kvensk har vore åtskilt frå dei finskspråklege miljøa i Tornedalen og i Finland, og har utvikla seg sjølvstendig over ein periode på 300 år. I 2005 vart kvensk anerkjent som eige språk i Noreg og som nasjonalt minoritetsspråk.

I 2005 vart også Kvensk institutt stifta, eit nasjonalt senter som har som mål å bevare og utvikle kvensk språk og kultur og skape nye arenaer for språkbrukarar. Det er òg lagt ned eit betydeleg arbeid for å utvikle ei offisiell kvensk skriftnorm og ein kvensk grammatikk. I Troms og Finnmark kan elevar no velje kvensk eller finsk som andrespråk i grunnskulen og i vidaregåande skule, og Universitetet i Tromsø har eit studietilbod i kvensk språk og kultur. I dag blir det også skrive romanar på kvensk, og det blir produsert kvenske filmar.

Kvensk institutts bygning i Børselv. Foto.
Kvensk institutt i Børselev har som mål å ta vare på og utvikle kvensk språk og kultur.

Kvifor snakkar ikkje alle kvenar kvensk?

Frå 1840-åra og framover var det norske samfunnet prega av sterke nasjonalistiske strøymingar: Språk og kultur skulle vere norsk. Derfor vart det sett inn ei rekkje tiltak for å "fornorske" den kvenske og samiske befolkninga. Minoritetsgrupper med språkleg og kulturell tilhøyrsle på tvers av landegrensene i nord vart sett på som ein trussel mot norsk suverenitet. I andre halvdel av 1800-talet auka til dømes talet på kvenar i Finnmark sterkt, og styresmaktene vart redde for at ein del kommunar skulle bli "heilkvenske".

Lova om bruk av norsk språk i skulen frå 1892 fastslo at ein i undervisninga skulle bruke talemålet til barna mest mogleg, og at nynorsk og bokmål skulle vere sidestilte. Undervisninga av samiske og kvenske barn skulle derimot gå føre seg på norsk. Heilt fram mot andre verdskrigen brukte styresmaktene skulepolitikken bevisst til å svekkje kvensk og samisk språk og kultur, og strategien lykkast i stor grad. Mange foreldre unnlét å lære barna sine kvensk, sidan språket og kulturen vart stempla som mindreverdig av storsamfunnet rundt dei.

Kvenar er ofte tospråklege. I område der kvenane er i fleirtal, er også etniske nordmenn ofte fleirspråklege, særleg i Nord-Troms og Alta, men også i Varanger. Kvensk (og samisk) har teke opp i seg ein del norske ord, men påverknaden kan også gå den andre vegen: Mellom 1999 og 2003 gjennomførte Hilde Sollid ved Universitetet i Tromsø ein studie av møtet mellom kvensk og norsk i den vesle bygda Sappen i Nordreisa. Studien viser at folk tok med seg trekk frå kvensk når dei lærte seg norsk som andrespråk, mellom anna bygde dei opp setningane noko annleis enn norske morsmålsbrukarar. Dette andrespråket har så påverka den norske dialekten i bygda, og endra han.

Les og lytt til eit kvensk eventyr

Varis ja harakka

Lytt samstundes som du les teksten. Kva trur du forteljinga handlar om? (Du finn den norske omsetjinga i heftet Folkefortelling i Ruija).

Varis ja harakka

0:00
Varis ja harakka

Varis ja harakka olthiin vanhaassa aijassa krannikset. Varis kävi aina muutaman kerran pitken aijan päästä kattomassa krannii. Harakala oli pesä yhðessä isossa pötäjässä, ja pesässä oli harakala paljon poikkii.

Niin kettu, ko sai tiettäät sen, ette harakala oon pesä puussa, piti neuvoo millälaila saaða poikkii harakalta. Viimen se hoksais konstin. Niin meni kettu kerran sen puun tykö, jossa harakan talo oli. Se kattoi puuhuun, mittaili puun tyvvee ympäri, ja hunteeraili siinä vähän mitäki.

Harakka näki tämän ja kysyi ketulta: ”Mitä sie kattot tätä puuta niin?”

”Mie aijon hakata tästä puusta sivakkapuun,” meinais kettu. Harakka tuli pölkhöön, ette kyllä kettu hakkaa tämän puun, ja kaattaa tämän maahaan.

Se alkkaa rukkoilemhaan kettuu: ”Älä hakkaa tätä puuta, ette minun talo ei tulis tyyvhään!”

Kettu käveli sielä muita puita kattelemassa, mutta tuli takaisin, ja sanoi: ”Mie hakkaan tämän puun!”

Harakka vasta rukkoili: ”Älä jo hakkaa tätä puuta.”

Kettu sanoi: ”Mie en hakkaa, jos vatkaat yhðen pojan mulle!”

Harakka ajatteli: ”Parempi oon vatkata yhðen pojan pesästä ko ette koko talo mennee hukkhaan.”

Ko kettu sai sen pojan, se meni metthään ja söi sen pojan, ja nukkui aikalaihin. Ko vasta nälkä tuli, meni kettu uuðesti, ja uhkais hakata puuta. Harakka häytyi vatkata toisen pojan, ja sillälaila se villitteli ketule, ette vatkais vielä kolmannenki pojan.

Varis tuli vierhaaksi harakkakrannin talhoon, ja näki ette siltä oon paljon poikkii kaðonnu, ja kyssyy harakalta: ”Kunka pojat olet pannu?”

Niin harakka häytyi muistela kunkalaihin poikkiin kans oon käyny. Sanoi kyllä varis harakale: ”Voi kranni, olet hullu ko annat villitelä ketule. Ko vielä tullee villimhään poikkaa, niin sano ketule ette näytä ensisti kirvheen millä sie hakkaat puun!”

Ei ollu pitke aika pörhäänpäin, jo tullee kettu vasta, ja oon niin virkun ja viekhaan näköinen, ja aikkoo hakata taas puun.

Mutta harakka huusi ilomielelä: ”Näytä kirvheen!”

Niin kettu tuli huonole mielele, ja vielä suuttuiki, ja sanoi: ”Kyllä mie arvaan kuka se täälä oon käyny juorumassa.”

Niin kettu häytyi korannuksissa mennä metthään nälkävattala: ei ennää tullu unikhaan ketule, ja se käveli sielä koko pitken yön. Noh, se sattui löyttäät variksen nukkumassa yhðen pahðan päältä.

Kettu naakki sinne, ja näppäis variksen kiini ja sanoi: ”Nyt sie olet pienempi muori, ei ole tyhä käyðä ja juoruut.”

Ja hän uhkais tappaat sen, mutta varis sanoi: ”Se oon kaunis kuolema kuitenki, ko pääsen kuolemhaan samala kuolemala ko muutki elävät. Mutta jos pahðasta vatkaat minun alas, silloin mie kuolen jo hirveen kuoleman!”

Kettu kans rupeis hunteeramhaan: ”Paras s’oon vatkata pahðasta alas.”

Varis lähti lentämhään, eikä ollu häättää mithään ja huusi kovin: ”Et sie minnuu kyllä villittele niinko sie villittelit harakan!” Ja silloin mie lähðin pois.

Læringsressursar

Språkhistorie og språkpolitikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Om vort Skriftsprog

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.