Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. OpplysningstidaChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Robinson Crusoe og moderne robinsonadar

Robinson Crusoe er hovudpersonen i ein roman frå 1719, av den engelske forfattaren Daniel Defoe. Robinson Crusoe hadde selskap berre med tenaren Fredag på den aude øya. Eventyrarar i dag har eit heilt filmteam med seg.

Fredag bøyer seg i støvet for Robinson. Illustrasjon.
Denne illustrasjonen frå 1719 viser Fredag som bøyer seg i støvet etter at Robinson har redda han frå å bli drepen av kannibalar.

Oppgåve 1

  1. På kva måte opptrer Robinson Crusoe som ein typisk representant for opplysningstida?
  2. Kven er Fredag, og kva rolle speler han i romanen?
  3. Studer biletet av Robinson og Fredag. Kva fortel dette biletet om maktforhold og menneskesyn i England i 1719?
  4. Robinson prøver å oppdra Fredag til å oppføre seg som ein engelsk gentleman. Nemn eksempel frå historia og frå vår tid på korleis ei gruppe menneske har forsøkt å tvinge på andre sine eigne kulturelle verdiar.

Oppgåve 2

  1. Kva meiner vi med omgrepet «moderne robinsonadar»?
  2. Lag ei oversikt over robinsonadar som du kjenner frå moderne bøker, film og TV.
  3. Vel ein av desse robinsonadane. Kva for verdiar og menneskesyn kjem til uttrykk i denne robinsonaden?
  4. Tenk grundig etter: Kva for tankar og idear frå opplysningstida pregar måten du sjølv tenkjer på i dag?

Læringsressursar

Opplysningstida

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale