1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Norrøn tidChevronRight
  5. Slaget på StiklestadChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Slaget på Stiklestad

Slaget på Stiklestad i 1030 er ein kamp om makta i Noreg. Det er også eit vendepunkt i norsk historie. Frå det tidspunktet får kristendommen for alvor fotfeste her.

Grafikk som viser slaget på Stiklestad. Infografikk.
Grafisk framstilling av slaget på Stiklestad med illustrasjon i midten og tekstblokker på høgre og venstre side.

Kong Olav Haraldsson møtte mykje motstand i Noreg, blant anna frå Erling Skjalgsson som hadde sitt kongesete på Sola i Rogaland. Då Erling vert drepen, må Olav røme austover til Gardarike (Russland). I 1030 vender han attende til Noreg for å vinne kongeriket sitt tilbake. Han dreg gjennom Sverige, og over Kjølen (høydedraga som skil Noreg og Sverige), der soga fortel at han har eit «syn».

Lokale hovdingar i Trøndelag og langs kysten lenger nord samlar ein bondehær for å stoppe han. Denne hæren skal ha vore dobbelt så stor som kongshæren. 29. juli 1030 møtest desse hærflokkane til det avgjerande slaget på Stiklestad. Her fell Olav Haraldsson, men paradoksalt nok går han sigrande ut av slaget etter at han er død.

Oppgåve 1

Slaget på Stiklestad som historisk beretning

NB! Denne oppgåva passar ikkje for synshemma.

Før du svarar på spørsmåla, bør du studere den grafiske framstillinga i stort format. Du kan klikke på biletet og zoome inn eller opne grafikken i pdf-format: Slaget på Stiklestad

Filer

Oppgåve 2

Olav den Helliges syn

0:00
Olav den Helliges syn
Les tekstutdraget
To menn til hest. Illustrasjon.
Sigvat skald og kong Olav på veg til Skara, teikna av Halfdan Egedius.

202. Da kong Olav kom østfra og over Kjølen og videre ned av fjellet i vest der en kan se landet senke seg vestover, så han derfra utover landet. Mye av hæren gikk foran kongen og mye etter ham. Der han rei, var det romt omkring ham. Han var stille og talte ikke med noen. Han rei slik en lang stund om dagen og så seg lite om. Da rei biskopen bort til ham og spurte hva han tenkte på, siden han var så stille, for kongen brukte ellers være glad og pratsom mot sine menn på vegen og gledet alle de som kom nær ham. Kongen svarte i dyp ettertanke: «Jeg har hatt et underlig syn nå for en stund siden. Jeg så utover Norge da jeg så vestover fra fjellet. Da kom jeg i hug at jeg har vært glad mang en dag i dette landet, og så fikk jeg et syn; jeg så utover hele Trondheimen og dernest over hele Norge. Og så lenge som synet holdt seg for øynene mine, så jeg alltid videre, helt til jeg så utover hele verden, både fra land og sjø. Jeg kjente nøye steder som jeg hadde vært og sett før, og jeg så like tydelig steder som jeg ikke har sett før; noen av dem hadde jeg hørt om, men det var også steder som jeg aldri hadde hørt snakk om før, både bygd og ubygd, så vidt som verden er.» Biskopen sa at dette synet var hellig og stort og merkelig.

Lytt til Jack Fjellstad si opplesing om det synet Olav hadde før slaget på Stiklestad frå Soga om Heilag-Olav, eller les tekstutdraget frå nettstaden www.olhov.net, ei modernisert utgåve av tekstane på nettstaden Heimskringla.

  1. Syner og draumar speler ei sentral rolle i sogelitteraturen. Forklar kvifor draumar og visjonar vert tillagt så stor verdi.
  2. I dette tekstutdraget har Olav Haraldsson eit syn som biskopen meiner er heilagt og stort og merkeleg. Kva er det han ser, og kva er det eit frampeik på?
Olav den hellige blir drept på Stiklestad. Illustrasjon
Kong Olav fell på Stiklestad, illustrert av Halfdan Egedius i 1899.

Slaget på Stiklestad

0:00
Slaget på Stiklestad

Oppgåve 3

Lytt til Jack Fjellstad si opplesing av Snorres skildring av slaget på Stiklestad.

  1. Kva for karaktertrekk vert Olav Haraldsson tillagt i dette tekstutdraget frå Soga om Heilag-Olav?
  2. Siste del av denne opplesinga frå Soga om Heilag-Olav fortel kva som skjedde då Tore Hund skulle ta seg av liket til den døde kongen. Kva skjer, og kva for frampeik gir denne forteljinga?
Skalden midt i flokken av hærmenn. Illustrasjon.
Skaldane var viktige førstehandsberettarar om det som hende i krig og kamp. Her kved skalden eit kvad for kongens hær før slaget på Stiklestad.

Oppgåve 4

I tekstutdraget nedanfor kommenterer skalden Sigvat det som hender på Stiklestad.

  1. Kva er ein skald, og kva for oppgåver hadde skalden?
  2. Kva er eit kvad?
  3. Kva kjenneteiknar rimmønsteret i kvadet til Sigvat skald?
  4. Kva rolle speler kvada i dei norrøne kongesogene?

[...]

Fælslig var det for bønder
som blodig sverd førte,
å se i den kampglade Olavs
kvasse øyne,
trøndske menn ei torde
trosse ørneblikket
fra hans øye; farlig
fant de hersens herre.

Blodige sverd farget
skjold og hærfolks hender
røde, dengang hæren
møtte den dyre kongen,
og i den jernleiken
lot den gjæve høvding
rødbrune sverd finne
inntrøndernes skaller.

[...]

Læringsressursar

Norrøn tid

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Europeisk høgmellomalder, 1000–1350

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sigurd Jorsalfare dreg til Jerusalem

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Norrøn mytologi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Høvisk litteratur

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Dramatiser ei islandsk ættesoge

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva fortel teksten om forfattar og samtid?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Filmen Arn – Tempelridderen som historisk beretning

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Vurderingsressurs

  • AssessmentResourceVurderingsressurs

    Kva kan du no om heltedikt og gudedikt?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for vurderingsressurs.

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Litterære tekstar frå norrøn tid

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Ringenes Herre: Ringens Brorskap

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff