Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Forteljingar om det norskeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Welhaven og "Norges Dæmring"

I Norges Dæmring er Welhaven ganske krass i kritikken sin, mellom anna av Wergeland. Welhaven brukte ofte den klassiske sonettforma når han skreiv. Sonetten er ei poetisk strofeform som er bygd opp etter strenge reglar.

Johan Welhaven på trapp med tre andre menn
Thomas Johannessen Heftye, Hartvig Marcus Lassen, Johan Sebastian Cammermeyer Welhaven og Ole Henriksen Fladager fotografert på Skarpsno i Oslo ca. 1865.

Spørsmål til Norges Dæmring

Welhavens dikt kan tilsynelatande verke litt vanskeleg å komme inn i, men om du jobbar litt med teksten, vil du kanskje sjå ironien og den skarpe humoren. Les utdraget frå diktet Norges Dæmring. Skaff deg bakgrunnskunnskap om kven Welhaven var og kva han stod for. Jobb så med spørsmåla nedanfor.

  1. Diktet har ein prolog, det vil seie ei innleiing eller ein "fortale". Korleis omtaler Welhaven Noreg i prologen? Kva for eigenskapar ved nasjonen framhever han her?
  2. Korleis framstiller han måten nordmenn overlever mørke og kulde på? Er dette meint realistisk, eller er det ein ironisk kritikk?
  3. Kva er Hadrians mur? Svaret finn du dersom du søkjer på Internett.
  4. Kva trur du Welhaven meiner med at han har laga ein "hadrianisk Vagtmur i det Mindre"?
  5. Korleis framstiller Welhaven arbeidet til Wergeland, omtalt som "en af Norskhedens Forfægtere", i sonett 41?
  6. Kva trur du han meiner med "Kun norske Meninger og norske Miner, og Stoffet norsk i Sjelen og i Dragten"? Er dette eit ideal for Welhaven eller Wergeland?
  7. Korleis omtaler Welhaven redsla for det framande blant nordmenn i sonett 46?

Læringsressursar

Forteljingar om det norske

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Hvorfor havet er salt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kvernen som står og maler på havsens bunn

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kjerringa mot strømmen - folkeeventyr

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kjerringa mot strømmen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Prinsessa som ingen kunne målbinde

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Faderen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Fædrenes arv

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff