Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kommunikasjonsomgrepetChevronRight
  5. ProsessmodellenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Prosessmodellen

Prosessmodellen er ein kommunikasjonsmodell som blir brukt i fag der kommunikasjon mellom menneske er relevant og sentralt.

Modellen blir brukt for å beskrive og analysere prosessen i ein kommunikasjonssituasjon. Kommunikasjon mellom menneske er veldig viktig, enten det dreier seg om personleg og mellommenneskeleg kommunikasjon eller mediekommunikasjon. Modellen eignar seg godt til å forstå når og kvifor kommunikasjon kan gå gale. Derfor er støy eit sentralt omgrep i modellen.

Sentrale omgrep i modellen

  • Avsendar: Personen eller verksemd som sender meldinga
  • Koding: Seier noko om korleis meldinga er koda og gjort forståeleg for mottakar
  • Kanal: Måten meldinga er formidla på
  • Avkoding: Lesing, tolking og forståing av meldinga
  • Mottakar: Den som tek imot meldinga
  • Tilbakemelding: Respons som meldinga utløyser
  • Støy: Hinder som står i vegen for at meldingar når fram slik dei er meinte

Opphavleg var prosessmodellen laga for å beskrive korleis meldingar blei overført teknisk. Det er forskarane Shannon og Weaver som står bak modellen, og han blei først kjent i 1948 som ein matematisk kommunikasjonsteori.

Læringsressursar

Introduksjon til kommunikasjonsomgrepet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Før du begynner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Eigenevaluering prosessmodellen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Repeter og bruk kulturfiltermodellen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Boks

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.