Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
  4. MaktfordelingsprinsippetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Maktfordelingsprinsippet

Prinsippet om maktfordeling i eit samfunn blei lansert av statsrettsfilosofen Montesquieu. Utgangspunktet hans var at den som har makt, er tilbøyeleg til å misbruke henne. Det er derfor viktig å ha innebygde mekanismar som hindrar maktmisbruk.

Kongen, stortinget og domstol. Illustrasjon.
I Noreg er makta delt mellom Kongen (regjeringa), Stortinget og domstolane.

Montesquieu føreslo derfor ei tredeling av statsmakta, der dei ulike statsmaktene skulle operere uavhengig av kvarandre og hindre kvarandre i maktmisbruk.

Lovgivande, utøvande og dømmande makt

Dei tre statsmaktene han tenkte på, var:

  • den lovgivande makta – som i Noreg er Stortinget
  • den utøvande makta – som i Noreg er regjeringa
  • den dømmande makta – som i Noreg er domstolane

Denne tredelinga spelte ei stor rolle då grunnlova vår vart utarbeidd i 1814. Men då parlamentarismen vart innført i Noreg i 1884, vart den utøvande makta gjord direkte avhengig av den lovgivande, som er Stortinget. Regjeringa må ha tilliten til stortingsfleirtalet for å kunne styre.

Vi har altså ikkje lenger tre uavhengige statsmakter. Men vi har framleis eit system der makt stansar makt, eller balanserer makt. Den dømmande makta har for eksempel høve til å stille den utøvande makta for riksrett, dersom lova ikkje blir følgd.

Den fjerde statsmakta

Pressa (media) er ein maktfaktor i samfunnet som har vakse fram etter Montesquieu si tid. Og media er naturlegvis ikkje ei eigentleg statsmakt, fordi media blir drivne uavhengig av staten. Men media har likevel stor makt i offentlegheita, fordi dei er så viktige for at demokratiet vårt skal fungere.

Media er også ei viktig «motmakt» mot andre typar makt i samfunnet, fordi media blant anna har som sjølvpålagd oppgåve å avsløre maktmisbruk. Derfor blir media ofte kalla «den fjerde statsmakta».

Illustrasjon av gutt med lommelykt.

På same tid har media mykje makt sjølve, og dei har plikt til å rette kritisk søkjelys mot seg sjølve. I Ver Varsam-plakaten står det:

1.4 Pressa har rett til å informere om det som skjer i samfunnet, og avdekkje kritikkverdige forhold. Pressa har plikt på seg til å setje eit kritisk søkjelys på korleis media sjølve fyller si samfunnsrolle.

Dette kan fortone seg litt som å «setje bukken til å passe havresekken». Men sidan vi har så mange uavhengige medium, fungerer det gjerne slik at dei set kritisk søkjelys på kvarandre. Innlegg i bloggar og sosiale medium kan også fungere som ein korrigerande faktor.

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale