Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Ut i verdaChevronRight
  4. Mediepolitikk i EUChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mediepolitikk i EU

EU sin mediepolitikk har til føremål å styrke det europeiske fellesskapet, ta vare på den europeiske kulturarven, fremje europeisk økonomi og vere eit alternativ til amerikansk medieindustri.

EU-flagget

Kulturvern og konkurranseevne

Den europeiske unionen (EU) er ei samanslutning av europeiske statar som har som hovudmål å sikre fri flyt av varer, tenester, personar og kapital på tvers av landegrensene i Europa. EU fekk i 2012 Nobels fredspris for arbeidet med å sikre freden og auke samarbeidet mellom europeiske statar.

EU har over tid utvikla ein felles mediepolitikk for medlemslanda. Denne er nedfelt i eit omfattande regelverk som regulerer produksjon og distribusjon på medieområdet. Føremålet er dels å styrke den europeiske fellesskapen og sikre den europeiske kulturarven, men også å sette europeiske mediebedrifter i stand til å ta opp konkurransen med den amerikanske medieindustrien.

EU sitt medieprogram

EU har eit eige medieprogram som gjev finansiell støtte til medieproduksjonar. Målet for EU sitt medieprogram er å styrke dei europeiske film-, fjernsyns- og spelebransjane, og å medverke til ein sterkare felles europeisk marknad for audiovisuelle tenester. Slik forsøker EU å demme opp mot den stadig sterkare amerikanske dominansen på det audiovisuelle området. Noreg tek også del i dette samarbeidet, sjølv om vi ikkje er medlem av EU.

Det audiovisuelle medietenestedirektivet

Det første fjernsynsdirektivet i EU blei utforma i 1989. Eit direktiv er eit regelverk som gjeld for alle medlemslanda. Det såkalla AMT-direktivet blei utvida og revidert seinast i 2007, og omfattar no også on-demand-tenester (betalingstenester).

Medlemslanda kan i nokre samanhengar vedta strengare reglar enn det direktivet tilseier.

Ifølgje direktivet skal ei verksemd som tilbyr medietenester, vere underlagd reglane i det landet tilbydaren er etablert. Direktivet reserverer om lag halvparten av sendetida på fjernsyn til europeiske produksjonar.

Det skal innførast tiltak som vernar barn mot overgrep og hindrar publisering av diskriminerande innhald.

På grunn av EØS-avtalen mellom Noreg og EU får direktivet også innverknad på mediepolitikken hos oss. I Noreg har direktivet vore omstridt, mellom anna fordi det opnar for produktplassering i visse typar fjernsynsprogram, og tillèt reklame for alkohol.

Kart over EU- og EFTa-land. Illustrasjon.
EU sin mediepolitikk styrer medieverksemda både i medlemslanda (blå farge) og i dei EFTA-landa som er omfatta av EØS-avtalen (grøn farge). Storbritannia har meldt seg ut av EU etter at kartet blei laga.

Ønskjer standardisering

For brukarane er det irriterande når ulike produsentar utviklar tekniske standardar som gjer at innhald blir bunde opp til bestemte produkt. EU jobbar blant anna for å få til faste tekniske standardar for IT og HD-TV.

Meir kontroversielt er forslaget om at nasjonale tilsynsorgan for presseverksemd skal leggast inn under kontrollorgana til EU. Mange hevdar at eit slikt kontrollregime er i strid med prinsippet om ei fri og uavhengig presse.

Overvaker mediegigantane

IT- og mediegigantar som Microsoft, Apple og Google har etter kvart fått ein verdsomspennande maktposisjon. EU har fleire gonger stilt seg kritisk til dei retningslinene som brukarar av maskinvare og datatenester må akseptere. Mellom anna kritiserer EU Google for å oppbevare opplysningar om søkepreferansane våre for lenge, og for kommersiell utnytting av persondata. EU- kritikarane på si side peikar på at EU sitt eige datalagringsdirektiv opnar for å loggføre all data- og teletrafikk i inntil seks månader.

Apple sensurerer i dag innhald som blir publisert på nett. For eksempel blir bilete av personar utan klede, anten det er nyfødde babyar eller topplause solbadarar, automatisk fjerna. Den danske kulturministeren har bede EU ta affære mot det han meiner er brot på ytringsfridomen og moglegheita kunstnarane har til å distribuere kontroversielle kunstverk digitalt.

EU har også stilt seg kritisk til at Microsoft og Apple tilsynelatande bevisst undergrev posisjonane til andre leverandørar av datatenester og digitalt innhald.

Læringsressursar

Ut i verda

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale