Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Stigmatisering eller fakta?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Stigmatisering eller fakta?

Media har ansvar for å fortelje om det som skjer i samfunnet. Men i eit demokrati har media eit spesielt ansvar for ikkje å stigmatisere bestemte samfunnsgrupper.

Innslaget i Dagsrevyen som blir omtalt i denne videoen, baserte seg på Oslo-politiets rapport i mai 2011: "Voldtekt i den globale byen".

Asylsøkjarar i fokus

Fleire medium hadde overskrifter som ga uttrykk for at det var asylsøkjarar som hadde ansvaret for overfallsvaldtektene. Sakene fekk stor merksemd i media. Mange var naturleg nok opptekne av at det må setjast inn tiltak som hindrar at unge jenter får livet sitt øydelagt på dette viset.

Fabian Stang vil ikke la alle asylsøkere gå fritt

- Vi må fire litt på prinsippene for å beskytte jentene våre, sier ordføreren. (VG Nett 29. oktober 2011)

Dette lærer asylsøkerne om voldtekt

Asylsøkere i Stavanger lærer norske verdier. Planlegger kurs for asylsøkere i hele landet. (Aftenposten 2. november 2011)

Direktøren for UDI, Ida Børresen, åtvara om at slike medieoppslag er med på å stigmatisere alle asylsøkjarar som potensielle valdtektsmenn.

At fleirtalet av gjerningspersonane blir omtalte som ikkje-nordiske, betyr ikkje at dei er asylsøkjarar. I det heile teke er det ein tendens til å snakke om asylsøkjarar og kriminelle i same andedrett. Det er veldig bekymringsfullt, seier Børresen til VG.

Media har informasjonsansvar

Å formidle fakta er ei viktig side av det samfunnsansvaret media har. Det gjeld også saker som det er ubehageleg å snakke om. Redaktørar og journalistar hevdar at dekninga deira av valdtektssakene er basert på opplysingar frå politiet og på utsegner som politikarar og fagpersonar kjem med i den debatten som no går føre seg.

Overskrifter som sel

Men det er mange måtar å formulere ein bodskap på. I avisoverskrifter og introduksjonar til nyheitssendingar på radio og TV er media opptekne av å fange merksemda til mottakaren. Då er det viktig å spisse formuleringane slik at det oppsiktsvekkjande i saka kjem tydeleg fram.

Dei fleste som uttalar seg til media, viser til at saka har fleire sider. Men moderate utsegner er eit dårleg blikkfang. Difor er det lett for journalisten å utelate modererande informasjon, eller skyve han lengre bakover i nyheitsforteljinga.

Til fordjuping

Maren Sæbo, redaktør i Verdensmagasinet: Deres seksualitet, våre kvinner

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale