Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Medium og identitetsdanningChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Medium og identitetsdanning

Identiteten vår er det biletet eller den oppfatninga vi har av oss sjølve. Identiteten oppstår i samspelet med andre menneske. I mange samfunn er identiteten til ein person bestemt av kva for gruppe eller familie ein høyrer til i.

Bloggeren hovedspalte

I samfunn der individet står i sentrum, kan vi i større grad iscenesette vår eigen identitet, blant anna gjennom sosiale medium.

Førestellinga om kven vi er, og korleis vi ser på oss sjølve, har endra seg gjennom historia. Idéhistorikarar seier at det å tenkje på seg sjølv som eit unikt individ oppstod i renessansen på 1400-talet. Før det såg ein på seg sjølv som medlem av ein klasse. Bonden Knut var først og fremst bonde og deretter Knut.

Å skrive seg sjølv

Filosofen Michel Foucault introduserte omgrepet l´écriture de soi, «å skrive seg sjølv» eller «self writing». Han viser til korleis det har vore ulike praksisar gjennom historia for korleis folk skriv om seg sjølv for å finne seg sjølv. I antikken skreiv ein lange filosofiske brev til nære venner eller familiemedlemmer. I lang tid er dagboka blitt brukt til å reflektere over kven ein er. Mange ser no på bloggar, og til dels nettsamfunn, som ein moderne variant av ein slik tradisjon og måte å bruke media på. Vi har alltid lurt på kven vi er, og no har vi òg fått høve til å bruke dei sosiale media som eit verktøy til å definere oss som menneske.

Roller og rolleforventingar

Somme forskarar argumenterer for at identitet ikkje berre er noko vi har, men også noko som vi speler. Vi er så vane med å tenkje at vi skal vere oss sjølve, men vi speler og framfører også rolla som oss sjølve. For å forstå kva som ligg i dette, kan vi sjå på korleis vi kommuniserer med ulike menneske. Måten vi snakkar til bestemor på, er annleis enn når vi snakkar til venner, kjærasten eller til ein framand på bussen. Vi har alle kjensla av å vere éin person, men identiteten vår består av mange sider. Dei ulike sidene tek vi fram til ulike tider og i ulike samanhengar.

Vi menneske er sosiale og har behov for å knyte oss til andre. I møte med andre oppstår det òg eit behov for å seie kven vi er. Det handlar ofte om å signalisere kven vi vil vere lik, og kven vi vil vere saman med. Alle ønskjer å vere unike, men vi har eit like stort behov for å seie kva vi har til felles med dei andre.

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale