Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Kjønn i mediaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Kjønn i media

Framstillinga av kvinner i media fargar måten kvinner ser på seg sjølve på. I 2010 var berre 24 % av personane i mediebiletet kvinner.

Debatt i Dagsnytt 18 i 2011 om måten kvinnelege politikarar blir framstilte på i media.

Kvinner er usynlege i mediebiletet

Eit kinesisk ordtak seier at kvinna ber halve himmelen. Dessverre gjeld ikkje dette for nyheitsarenaen. The Global Media Monitoring Project (GMMP) er eit prosjekt som kartlegg korleis kvinner og menn er representerte i nyheitsbiletet. Undersøkinga som blei gjennomført i 108 land i 2010, avdekte at kvinner er grovt underrepresenterte i nyheitsdekkinga. Berre 24 % av dei personane som vi ser, høyrer eller les om i nyheitene, er kvinner.

Denne underrepresentasjonen gir eit ubalansert bilete av verda, eit bilete der kvinner stort sett er fråverande som aktive deltakarar i arbeids- og samfunnsliv utanfor heimen. Men det går framover. I 1995 var det berre 17 % av personane i nyheitene som var kvinner.

Kjend, naken eller sexy

Dresskledde menn og lettkledd kvinner med avis. Foto

I GMMP-undersøkinga ligg Noreg på topp i Norden når det gjeld kor synlege kvinner er i media. I vårt land er 34 % av dei personane vi ser, høyrer eller les om i nyheitene, kvinner. Norsk forsking viser det same biletet; kvinner er underrepresenterte, feil framstilte og ofte brukt berre som pynt. Det hjelper å vere kjend, naken og sexy for å få spalteplass, ifølgje Elisabeth Eide, professor i journalistikk.

Ei undersøking som forskingsleiar Åse Fixdal i NRK har gjennomført ,viser at tre av fire kjelder i NRK-nyheitene er menn. Undersøkingar viser også at innvandrar- og flyktningkvinner i stor grad blir framstilte som undertrykte og hjelpelause. Med andre ord er det biletet norske medium viser av menn og kvinner i det norske samfunnet, svært lite prega av likestilling. NRK har derfor sett seg som mål at 40 % av kjeldene i nyheits- og aktualitetsprogramma skal vere kvinner innan utgangen av 2013.

Mediespegelen lyg

Media liker å framstille seg sjølve som eit spegelbilete av det som rører seg i samfunnet. Men ifølgje professor Jostein Gripsrud er ikkje media nøytrale formidlarar av røyndomen. Media vel ut, redigerer og vinklar innhaldet. Medieinnhaldet blir ein slags konstruksjon av det som blir framstilt.

Les Are Kalvø: Are Kalvø: Narrespeil

Professor Elisabeth Eide omtaler ”mediespegelen” som ein vridd spegel som lyg. Ver Varsam-plakaten slår fast at "(d)et er god presseskikk å sørgje for breidde og relevans i val av kjelder". At kvinner i stor grad er usynleggjorde i norske medium, fører til at dei ser på seg sjølve som mindre viktige samfunnsborgarar. Det kan i neste omgang dempe interessa for viktige samfunnsspørsmål og for å ta del i demokratiet.

Kvifor er kvinner underrepresenterte?

Det kan vere mange grunnar til at kvinner er underrepresenterte i media:

  • Menn er i klart fleirtal blant dei som skriv, fotograferer og redigerer i media.
  • Media er elitefokusert, journalistane skriv om leiarar i samfunnet.
  • Kvinner er mindre offensive og bruker i mindre grad media som arena.
  • Menn har lettare for å snakke det bastante og konkrete språket som media vil ha.
  • Som journalist er det ofte vanskeleg å finne gode kvinnelege kjelder.
  • Kvinnelege journalistar må tilpasse seg dei redaksjonane dei kjem til, og ein tradisjonell maskulin tenkjemåte.
  • Det verkar som nyheitskriteria i si enklaste form, altså at ein vel å skrive forenkla og litt tilspissa, fell litt lettare for menn.

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale