Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Min mediekvardagChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Min mediekvardag

Gutt med datamaskin
Ola, 17 år, vaknar av at mobilen hans pip klokka 07.30. Han vekker opp pc-en sin frå dvale før han går på badet. Når han kjem tilbake, les han tre tekstmeldingar som er kome på mobilen. På mobilen sjekkar han også siste status på Facebook og ser at 138 av venene er kopla på. Han ser at bestekameraten har logga inn og utvekslar nokre ord om matteoppgåver med han. Før han må logge seg av, får han også tid til å spørje eit par fotballkameratar om dei skal på trening.

Medan han sit på skulebussen med iPoden på øyret – dagen før lasta han ned dei siste låtane til favorittbandet sitt frå iTunes, får han ein sms frå ei jente i klassen som har planar om å sjå Kon-Tiki på kino same kveld. Han får akkurat tasta inn ein kort beskjed om at han blir med, før han går av bussen.
Oppdrag
Slik er mediekvardagen til Ola før han kjem på skulen.
Korleis er mediekvardagen din?

Skriv ei liknande forteljing om mediebruken din frå du vaknar om morgonen til du sovnar ein vanleg dag.

Legg denne forteljinga inn på bloggen din som hypertekst og bruk godkjente bilete eller illustrasjonar.

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale