Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
  5. Å gjere ferdig brødtekstenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Å gjere ferdig brødteksten

Du har fortalt kva saka handlar om i tittel og ingress, og du har gitt lesarane meir informasjon i starten av brødteksten. No er det tid for detaljane, utdjupingar, presiseringar og fakta.

Ung mann jobber i kontorlandskap. Foto.

Det vidare arbeidet med brødteksten dreier seg om å finne ein god balanse i innhaldet. På den eine sida må det vere nok informasjon til at teksten står fram som grundig og interessant for lesaren. På den andre sida må det ikkje bli for mykje stoff av liten relevans.

Dersom du har noko informasjon du tenkjer er viktig, men som ikkje passar heilt til den spissa vinklinga, skal dette komme heilt på slutten av brødteksten. Alt som kan oppfattast som overflødig i saka, kuttar du ut.

Tre element

For å seie det enkelt har vi tre element å jobbe med:

  • fakta
  • direkte sitat
  • indirekte sitat

Du bør prøve å veksle mellom desse tre gjennom heile teksten din.

Undersøk NRK-saka 40 tunneler skriker etter vedlikehold og opprusting. Korleis går vekslinga føre seg mellom fakta, indirekte sitat og direkte sitat?

Veksling mellom dei tre elementa

Direkte sitat: «– Bussen er alltid forseinka på denne ruta, noko som gjer at vi er mange som kjem for seint til skule og jobb, seier Gunnar Gundersen, som tek bussen til jobb kvar dag.»

Indirekte sitat: «Han fortel at berre denne veka har bussen vore forseinka fire dagar på rad.»

Fakta: «Ifølgje tal frå Trafikk1 er dette ei av dei mest brukte bussrutene i bygda.»

Merk at første gongen kjelda blir nemnd, skriv ein alltid noko om kven kjelda er. Merk også at vi ikkje treng å bruke heile namnet om att, viss det allereie er nemnd. Det held med «han/ho» eller etternamnet. Du bør også leggje merke til at det i faktasetningar er opplyst kvar faktaa er henta frå. I dette eksempelet frå Trafikk1.

Du kan godt tenkje at dei ulike elementa på ein måte skal kommentere og utfylle kvarandre. Det direkte sitatet blir følgt opp av eit indirekte sitat som gir oss meir informasjon om kjelda si meining, før faktaa blir trekte inn og gir oss eit meir heilskapleg bilete.

Meiningar og konfliktar

På grunn av punkt 4.15 i Ver Varsam-plakaten, som handlar om tilsvarsretten, vil eit naturleg framhald av denne teksten vere å få inn sitat frå nokon som jobbar i Trafikk1. Det er dei som blir kritiserte.

Då kan vi fortsetje teksten slik:

Indirekte sitat: «Jan Jansen i Trafikk1 kjenner seg ikkje att i kritikken.»

Direkte sitat: « – Våre bussar kjem i 90 prosent av tilfella til rett tid. Nokre små forseinkingar må ein rekne med tidleg om morgonen når mange skal på jobb, seier Jansen.»

Det er viktig at du bruker dei tre elementa til å drive teksten framover. Ein påstand treng fakta, fakta treng ei utdjuping, og ei meining må balanserast mot ei anna meining.

Viss du vil prøve deg på litt avansert skriving, kan du leggje opp teksten som ein slags diskusjon mellom to ulike partar, der du fleire gonger vekslar mellom to, eller fleire, som er ueinige om noko.

I eksempelet over kunne vi late Gundersen sleppe til endå ein gong og kommentere på det Jansen seier, slik at artikkelen vår blir ein diskusjon mellom Jensen og Gundersen, krydra med fakta frå vår side.

Dette er ein fin måte å skape temperatur på i artikkelen, men det er også ein litt vanskeleg måte å skrive på, fordi du må ha stålkontroll på kven som seier kva, og du må presentere det for lesarane på ein oversiktleg måte.

Fakta og stadfestingar

Vi har no sett på korleis du får fram ueinigheit i ei sak. Dersom du derimot skal få fram einigheit, for eksempel mellom ei kjelde og fakta, bør du bruke andre formuleringar.

For eksempel: «Dette stadfestar Anne Andersen, professor ved Universitet i Oslo.»
Bruk gjerne lokale ekspertar viss dei finst.

Eller: «Tala frå ...-undersøkinga stadfestar professoren sine mistankar.»

Personar som har erfaring med det saka handlar om, kan også trekkjast inn på same måten: «Kristin Kristensen er ei av dei som slit med dette. Ho seier ...»

Eller: «Tala viser at Kristin Kristensen ikkje er aleine om problema sine.»

Sanning, sanning, sanning

Som journalist har ein fridom til å presentere både fakta og sitat i den rekkjefølgja ein vil. Ein har også fridom til å endre på korleis intervjuobjekta snakkar, slik at det munnlege språket frå intervjua blir meir skriftleg i forma.

Men ikkje misbruk denne fridommen!

Alt du skriv som nyheitsjournalist, må vere sant. Alltid. Ikkje noko unntak. Lyg du, øydelegg du ikkje berre for deg sjølv og lesaren – du er også med på å undergrave tilliten til journalistikken som heilskap.

Når du bruker sitat frå intervju, skal du få fram meininga til den du har intervjua, slik vedkommande har meint det. Ja, du kan endre på korleis dei seier ting slik at det passar betre inn i teksten din, men du skal aldri endre på innhaldet i det dei seier!

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Page One: A Year Inside the New York Times

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff