1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – husdyrproduksjonChevronRight
  5. SauChevronRight
  6. Sau: åtferd, fôring og stellChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sau: åtferd, fôring og stell

Sauen er eit utprega beitedyr. Avhengig av klima og vêrforhold kan sauen gå ute på beite i fem til åtte månader av året dei fleste stader i landet. Dei moderne sauerasane blir haldne inne i uisolerte hus gjennom den verste vinteren. Nokre stader kan sauerasar – som villsau – gå ute året rundt.

Den vanlegaste driftsforma legg opp til at lamma vert fødde om lag tre veker før det vanlegvis er høveleg å sleppa dei på innmarksbeite. Etter ein gradvis overgang frå innefôring til beite går dyra på innmarksbeite i nokre veker før dei vert sleppte i utmarka. Når det skjer, er sjølv avhengig av kvar utmarka ligg, og av når planteveksten kjem i gang der.

Beite

Nokre sauer går på innmarksbeite heile sommaren, medan andre vert sleppte på beite i skog eller ravinelandskap i låglandet. Men ein stor del av norske sauer bit i fjellområda om sommaren. På mange slike fjellbeite trekkjer sauen oppover i landskapet etter kvart som snøen smeltar og planteveksten kjem i gang. På den måten er dei sikra friske beite med unge og næringsrike plantar det meste av sesongen. Der sauen beitar i fjell og anna utmark, er det vanleg å organisera sanking om hausten for å samla dyra og få dei anten i hus eller levert til slakt. Nokre gonger er det formålstenleg at dei går ei stund på innmarksbeite att om hausten, før dei vert sette inn eller slakta. Sauene vert gjerne klipte før dei vert sleppte på beite eller etter at dei er tekne inn, eventuelt før slakting.

Tap

I og med at sauene beiter i utmark, er det ikkje til å unngå at vi mistar ein del dyr gjennom beitesesongen. I gjennomsnitt går mellom 5 og 10 prosent av lamma tapt. I somme område i landet kjem dette av at mange vert tekne av rovdyr, medan det i andre område er sjukdommar og skadar som er den viktigaste dødsårsaka.

Fôr

Sauene tek opp store delar av det fôret dei treng på beite, men dette gir ikkje tilstrekkeleg næring året rundt. Mange haustar mykje på utmarksbeite, men bør gjerne få tilgang til næringsrikt innmarksbeite vår og haust. På vinterstid må dei ha konservert grovfôr, anten i form av surfôr eller høy. Vi må som regel også gi sauene tilskot av kraftfôr for at dei skal produsera så mykje og så raskt som vi treng for å oppnå rimeleg lønnsemd. Spesielt er søyene avhengige av ekstra energi i tida like før og etter lamming. Søyer som er magre mot slutten av tida dei er drektige, kan vera utsette for ein sjukdom som vert kalla drektigheitsforgifting.

Lamma bør gjerne også få litt kraftfôr for å koma godt i gang, med mindre dei har tilgang på særleg godt og næringsrikt vårbeite. Det har vist seg at god og rask tilvekst om våren gjer lamma betre i stand til å ta opp og utnytta beite gjennom sommaren, slik at høg vekt ved beiteslepp som regel også resulterer i høg vekt ved sanking om hausten. I dei periodane då sauene ikkje får kraftfôr, er det viktig å sørgja for tilskot av mineral og vitamin. Medviten bruk av saltslikkestein kan vera eit godt hjelpemiddel for å kunna følgja og ha tilsyn med sau som går på utmarksbeite.

Ved inngangen til 2015 var det om lag 14 200 besetningar med sau her i landet. Det vil seia at det er om lag like mange besetningar med sau som med storfe. Vi har hatt i overkant av éin million vinterfôra sauer dei siste åra, og det er slakta om lag 1,2 millionar sauer. Kvar søye får i gjennomsnitt litt over 1,6 lam og produserer vel 70 kg kjøt per år. Det vert produsert om lag 4000 tonn eller 4 millionar kg ull i året.

Diskuter:

  • Somme hevdar at sidan sauen likevel skal døy og verta eten, er det likegyldig om han vert drepen av rovdyr eller på slakteriet. Kva synest du om denne utsegna? Grunngi svaret.

Læringsressursar

Sau

SubjectEmne

Fagstoff