1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – plantedyrkingChevronRight
  5. Dyrking av eng og fôrvekstarChevronRight
  6. GrøntfôrChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Grøntfôr

Med grøntfôr meiner vi planter som vert hausta til fôr før dei er heilt mogne. Vekstane kan dyrkast i rein bestand eller som blandingar av fleire artar. Haustinga kan skje mekanisk, vekstane kan beitast direkte, vi kan gi avlinga fersk til dyra, eller ho kan konserverast som surfôr.

Det vanlegaste er at plantene vert hausta same året som dei vert sådde, og ikkje overvintrar. Dette gjeld særleg nokre artar i krossblomstfamilien; fôrreddik, grøntfôrnepe, fôrraps og fôrmargkål; bygg, havre og raigras i grasfamilien; og erter i ertefamilien. Erter fikserer til liks med kløver nitrogen frå lufta ved hjelp av Rhizobium-bakteriar.

Du kan lesa meir om nitrogenfiksering her.

Kvifor dyrka grøntfôr?

Det viktigaste føremålet med å dyrka grøntfôrvekstar er å skaffa næringsrikt og rimeleg tilskotsfôr til dei fleirårige beita utover ettersommaren og hausten, der tilveksten går dramatisk ned.

Vi bør også dyrka grøntfôr ved vårsådd attlegg til eng. Då bruker vi grøntfôrveksten som dekkvekst, med sterkt redusert såmengd. Målet er å få meir avling i attleggsåret, samtidig som vi held ugrasmengda i enga nede og unngår kjemisk plantevernbruk.

Andre gode grunnar til å dyrka grøntfôr:

  • Vi utnyttar den korte veksttida.
  • Det gir god avling på ettersommaren.
  • Vi får høve til å drive vekstskifte.
  • Vi kan utnytta store mengder husdyrgjødsel.
  • Vi kan få fleire avlingar av den same arten eller forskjellige artar gjennom éin vekstsesong.
  • Det gir god forgrøde til andre vekstar.
  • Det er med på å sikra fôrtilgangen etter vinterskadd eng – grøntfôr kan gi større avling enn eng i innsåingsåret.

Finn ut meir:

  • Vert det dyrka grøntfôr i nærområdet til skulen? Kva vekstar er det i så fall vanleg å bruka?
  • Kva vil det seia at ein art er nitrogenfikserande?

Læringsressursar

Dyrking av eng og fôrvekstar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter