Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – plantedyrkingChevronRight
  5. Dyrking av eng og fôrvekstarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er eng og beite?

Eng er eit areal dekt med gras og andre vekstar som vert brukt slått og beiting. Vi skil gjerne mellom natureng og kultureng, der kulturenga oftast er fulldyrka og tilsådd med grasartar og engbelgvekstar.

Grasmark som berre er arbeidd med i det øvre jordlaget og gjødsla opp slik at gras har teke over som hovudvegetasjon, vert kalla overflatedyrka eng.

Arealet med eng og beite i Noreg

Arealet for eng og beite på fulldyrka mark i Noreg har gått svakt ned etter 1999 og ligg no på ca. 4,7 mill. dekar. Arealet for overflatedyrka innmarksbeite har vore stabilt i same perioden, ca.1,7 mill. dekar. I Norge har vi totalt ca. 6,4 mill. dekar eng og beite.

Grovfôr

Grovfôr er eit anna namn på gras og andre vekstar som vi gir til husdyra. Godt og næringsrikt grovfôr er viktig for god økonomi i husdyrhaldet. Det er derfor nødvendig å ha god kunnskap om dyrking av fôr.

Eit «visdomsord» seier:

«Økonomien i husdyrbruket er tufta på tilstrekkeleg grovfôr av god kvalitet som er hausta inn og lagra på ein økonomisk forsvarleg måte.»

Du kan lesa meir om hausting og konservering av grovfôr her

Læringsressursar

Dyrking av eng og fôrvekstar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter