Hopp til innhald

Fagstoff

Innebygd personvern

Når du skal utvikle løysingar og system, krev personopplysningslova at personvern skal vere innebygd i alle utviklingsfasar. Dette bidreg til å sikre at personvern blir vareteke på ein god måte.
Ulike symbol og tal som skal illustrere mobil- og datatilknyting og sikkerheit: ein stor mobiltelefon og fleire mindre mobiltelefonar, hengjelåsar, piler, omriss av personar, wifi-symbol, ei mast som sender eller mottek signal. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innebygd personvern (Privacy by Design) har røter tilbake til 1990-talet. Desse prinsippa er i dag i bruk mange stader og er rekna som ein standard å følgje for å oppnå godt personvern.

Under er dei sju grunnprinsippa til innebygd personvern. Omsetjinga og tolkinga er henta frå nettsidene til Datatilsynet.

  1. Ver i forkant, førebygg framfor å reparere

For å lage ei personvernvennleg løysing er det viktig å vurdere risikoane for personvernet så tidleg som mogleg i utviklingsprosessen. Kostnadene ved å rette feil og manglar ved eit ferdig system kan vere høge. Dersom du tek omsyn til personvernet tidleg i utviklinga, kan du unngå unaudsynlege krenkingar av personvernet. Døme på krenking av personvernet er manglande tilgangsstyring, at det blir samla inn fleire personopplysningar enn naudsynleg og manglande sletting av personopplysningar.

Døme

Ein skuleeigar skal utvikle eit skuleadministrasjonssystem. Før sjølve utviklinga byrjar, gjer ein ei vurdering av personvernkonsekvensar (DPIA). Det vil seie å gjere ei vurdering for å identifisere moglege risikoar for personvernet. I risikovurderinga føreser ein problem og foreslår løysingar. Skuleeigar vil med denne vurderinga utvikle eit system som best mogleg varetek personvernet til elevar, foreldre og dei tilsette.

  1. Gjer personvern til standardinnstilling

    Standardinnstillingar er førande for korleis eit system blir brukt, og korleis personopplysningar blir lagra. For at eit system skal ha innebygd personvern, må standardinnstillingane setjast opp slik at ikkje fleire personopplysningar enn naudsynleg blir samla inn eller blir viste, at det finst eit lovleg føremål med innsamlinga, at det er sett tekniske avgrensingar for bruken av opplysningane, at opplysningane blir sletta når føremålet er oppnådd, og at ein berre får tilgang til å sjå kva opplysningar som er registrerte på seg sjølv. Eit slikt system vil automatisk styre brukaren til ein arbeidsmåte som gir betre personvern.

Døme

Nokre nettlesarar er utvikla med "Do Not Track" som standardinnstilling. Det betyr at nettlesaren automatisk seier frå til dei ulike nettstadene at brukaren ikkje ønskjer å bli spora. Dersom brukaren ønskjer at nettaktiviteten skal sporast, må ho endre innstillingane.

  1. Bygg personvern inn i designet

    Personvern skal vere innebygd i designet og arkitekturen til IT-systemet og dessutan i forretningspraksisen. Det bør ikkje vere ein funksjon lagt til i etterkant. Dermed blir personvernet ein viktig del av kjernefunksjonaliteten. Det vil seie at personvern er ein integrert del av systemet utan at det går utover funksjonaliteten.

Døme

Det er lett å gi frå seg for mykje informasjon dersom ei løysing legg til rette for det. For å unngå unaudsynleg innsamling av personopplysningar kan nettbaserte skjema, til dømes eit skjema som skal sendast til eit legekontor, blir laga med val frå ei nedtrekkliste i staden for fritekstfelt.

  1. Skap full funksjonalitet

    Gjennom innebygd personvern varetek verksemda både personvernet til brukaren og sine eigne behov. Det er viktig å ta omsyn til personvernet frå start for å unngå reparasjonar som går utover funksjonaliteten til løysinga. Nokre gonger er det ikkje mogleg å gjere endringar i etterkant utan at systemet blir dårlegare. Målet er ei både-og-tilnærming framfor ei anten-eller-tilnærming, for å vareta verksemda sine behov og interesser og samtidig ta omsyn til personvernet til dei som er registrerte.

Døme

Ein kunde ringjer teleleverandøren sin frå det registrerte telefonnummeret sitt. Systemet styrer kundebehandlaren slik at han automatisk får tilgang til opplysningane som er registrerte på kunden. Prosessflyten i systemet er tilgangsstyrt. Dette betyr at kundebehandlaren har tilgang til opplysningane til den aktuelle kunden utan å sjå resten av kunderegisteret.

  1. Vareta informasjonssikkerheita frå start til slutt

    Informasjonssikkerheit må vere ein del av løysinga. Det betyr at alt som skjer i systemet, på førehand er risikovurdert og føremålstenleg sikra, heilt frå før personopplysningane blir samla inn, mens dei blir behandla, og til dei er sletta. Personopplysningane skal sikrast mot uautorisert tilgang, endring, øydelegging og spreiing.

Døme

Eit system er sett opp til å følgje sikkerheitsstandardane for å sikre konfidensialitet, integritet og tilgjengelegheit av personopplysningar gjennom heile livssyklusen. Dette inkluderer metodar for sikker sletting, føremålstenleg kryptering og sterk tilgangskontroll og logging. Systemet kan berre samle inn dei mest naudsynlege personopplysningane, og skrivetilgangen er berre tilgjengeleg der det er naudsynleg. Systemet inneheld dessutan rutinar for automatisk sletting av data når dei ikkje lenger trengst.

  1. Vis openheit

    Det skal vere openheit om korleis systemet fungerer, og korleis personvernet blir vareteke. Verksemda skal sørgje for at brukarane får god informasjon, og at det blir lagt til rette for innsyn i eigne opplysningar. Det skal vere mogleg å kontrollere at systemet varetek personvernet slik leverandøren oppgir.

Døme

I ei netthandelløysing blir kunden informert om korleis opplysningane hans blir behandla i løysinga. Dette blir gjort ved å lage ei god og brukarvenleg personvernerklæring som er lett tilgjengeleg for kunden, både før han registrerer seg, men òg etter at han er registrert. Kunden blir informert om kva opplysningar som blir samla inn, korleis dei blir brukte, kven som har tilgang til dei, korleis og kor lenge dei blir lagra, moglegheitene til kunden for å endre og slette dei, og eventuelt kva andre instansar opplysningane kan bli utleverte til.

  1. Respekter personvernet til brukaren

    Framfor alt krev innebygd personvern at utviklarane, bestillarane og administratorane gir personvernet til brukaren høg prioritet. Dette vil seie å sørgje for at personvernet blir vareteke gjennom standardinnstillingar, tydelege brukarvilkår og løysingar for at brukaren skal kunne kontrollere opplysningane sine sjølv.

Kjelde

Datatilsynet. (2018, 23. juni). Innebygd personvern. https://www.datatilsynet.no/rettigheter-og-plikter/virksomhetenes-plikter/innebygd-personvern/

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Datatilsynet.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2021

Læringsressursar

Personvern