Rekn ut lærlinglønna di
Før du byrjar med oppgåvene, bør du lese artikkelen "Lærlinglønn" og artikkelen "Skatt og feriepengar som lærling".
Kva er årslønna for ein fagarbeidar innan ditt fagfelt?
Kven har avgjort kor høg fagarbeidarlønna skal vere for ditt fagfelt?
Kva er forskjellen på brutto- og nettolønn?
Kor mykje vil du tene per månad i kvart av dei fire halvåra?
Kor mykje skatt vil du måtte betale for kvart av kalenderåra du er lærling dersom du ikkje har andre inntekter?
Kor mykje vil du få utbetalt per månad når skatt er trekt frå i halvår 3?
Dersom du går ut frå at du kjem rett i arbeid som fagarbeidar etter læretida, kor mykje skatt bør du då betale i kalenderår 3?
Kva kan du få i lån og stipend samtidig som du er lærling?
Kva skjer dersom du betaler for lite eller mykje skatt?