Hopp til innhald
Fagartikkel

Om betafaget

Vi lagar ressursar til fellesfaget geografi. Hausten 2026 kjem heile faget til vere ferdig på NDLA, men vi vil publisere nye emne og læringsressursar fortløpande framover. Her kan du lese om korleis vi planlegg å bygge faget, og kva prioriteringar vi har gjort.

Heile læreplanen

Faget på NDLA skal dekke alle kompetansemåla og heile læreplanen for fellesfaget geografi. Vi har valt å dele faget i følgande emne:

  • Om faget

  • Verda og verktøy

  • Berekraftig utvikling

  • Indre krefter

  • Ytre krefter

  • Demografi og levekår

  • Lokalisering og globalisering

  • Ressursar og forvaltning

  • Klima og forbruk

  • Fordjuping

Tre av emna er ikkje reine fagemne og skil seg derfor litt ut. Om faget vil innehalde informasjon om korleis vi har bygd faget på NDLA, i tillegg til lenker til gode kjelder og tips til undervisning og læring i faget. Verda og verktøy vil innehalde ressursar knytt til feltarbeid, kartbruk og kartforståing. Fordjuping vil innehalde større læringsoppdrag eller casar, og her skal vi legge til rette for å jobbe med fagstoff tematisk. Her vil du finne opplegg på tvers av den tradisjonelle strukturen i faget som enkelt kan gjerast tverrfagleg.

Pedagogisk og didaktisk tilnærming

Geografi på NDLA skal gjere det enkelt å lære saman med andre. Vi ønsker òg å legge til rette for at elevane skal kunne vere aktive og utforskande. I faget skal elevane få trene seg på å ha eigne meiningar, slik at dei kan bli deltakande medborgarar. Ferdigheiter og metodar knytte til kart og feltarbeid er sentralt i faget. Derfor vil vi legge til rette for kartbruk og små feltarbeid i alle emna.

For å gjere faget relevant og forståeleg prøver vi å ta utgangspunkt i livsverda til elevane og gjere det enklast mogleg å knyte fagstoffet til nærmiljøet til elevane.

Didaktisk oppbygging

Kvart emne i faget vil ha ein introduksjonsressurs og ein oppsummeringsressurs. Introduksjonen er meint å bidra til å få fram forkunnskapane til elevane og skape litt undring og interesse rundt temaet. Oppsummeringsressursen vil innehalde oppgåver på ulike nivå som elevane kan bruke til å overvake si eiga læring. Vi håper og trur at dette kan bidra til å setje fokus på det å lære å lære.

Eigenarten til geografifaget

Målet med geografi på NDLA er å gi elevane omgrep og forståing til å kunne forklare "Kvifor er det slik akkurat her?" på ein god måte. Då må vi både seie noko om samfunnet og om naturen. Denne syntesen er sentral i faget. Alle dei siste emna koplar derfor natur og samfunn tydeleg saman slik at elevane blir klare over korleis naturen påverkar samfunnet, og korleis samfunnet påverkar naturen.

Berekraftig utvikling er det einaste tverrfaglege temaet i faget. Dette handlar i stor grad om forholdet mellom natur og samfunn. Derfor er berekraftig utvikling det første fagemnet slik at de kan ta med dette inn i alle dei andre emna.

Geografiske nivå og det å sjå forskjellar og likskapar mellom dei er òg ein viktig del av faget. Dette prøver vi å vise igjennom mange ulike døme, både visuelt og igjennom tekst. Bileta under vise ulike familiar i ulike land plasserte framfor eller i huset sitt. Slike bilete kan vere eit godt utgangspunkt for ulike faglege refleksjonar.

Det visuelle

Faget handlar i stor grad om det å kunne sjå, kjenne igjen og forklare. Vi vil legge til rette for å bruke nærmiljøet og trene observasjonsevnene på det nære. I tillegg gir det digitale oss høve til å vise mange ulike døme på landskap og stader igjennom kart, bilete, animasjonar og videoar. Vi vil derfor prioritere å finne og lage gode visuelle ressursar.

CC BY-SA 4.0Skrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 24.04.2024