Hopp til innhald

Fagstoff

Dialog som metode i religion og etikk

Grunnbetydinga av omgrepet dialog er ein samtale mellom menneske. Men når vi snakkar om dialog i betydinga livssynsdialog, legg vi vekt på at samtalen byggjer på velvilje, respekt og eit ønske om å forstå den andre.

Kva er dialog?

Omgrepet dialog blir ofte brukt som ei nemning på ein samtale mellom to personar, til dømes mellom lærar og elev. Men dialogen kan også omfatte fleire personar, til dømes elevane i ein klasse.

Ikkje alle samtalar er dialogar. Om læraren gir ein elev beskjed om å slå av mobiltelefonen i timen, og eleven seier «OK», er ikkje dette ein dialog. Læraren er ikkje interessert i kva eleven tenkjer om saka. Ein diskusjon om det skal vere lov å bruke mobilen i timen, er heller ikkje ein dialog. Då er poenget å overtyde den andre ved hjelp av argumentasjon.

I ein ekte dialog er hensikta å forsøkje å forstå korleis den andre tenkjer og føler, og på same tid gi uttrykk for eigne tankar og kjensler. Til dømes går det an å ha ein dialog om kvifor mobilen er så viktig for somme av oss i kvardagen, mens andre kanskje føler seg frie når mobilen er slått av.

Livssynsdialog

I Noreg bur det menneske med mange forskjellige livssyn. Somme har eit ikkje-religiøst livssyn. Dei kan vere ateistar eller human-etikarar. Andre definerer seg sjølve som kristne, muslimar, jødar eller buddhistar. Felles for oss alle er at vi er borgarar i eit land der alle har rett til å tru og tenkje det dei vil.

Gjennom dialog kan vi utvikle kunnskap om og forståing og toleranse for menneske med andre livssyn enn vårt eige. Toleranse er viktig dersom menneske med ulike livssyn skal leve fredeleg side ved side. Men toleranse inneber ikkje at du ikkje kan halde fast på ditt eige livssyn som det som opplevast rett og riktig for deg.

I Noreg finst det etablerte grupper for religions- og livssynsdialog både sentralt og regionalt. Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn (STL) er ein paraplyorganisasjon for dei fleste religions- og livssynssamfunna i landet vårt. Dei arrangerer årlege forum der leiarar for religiøse og livssynsmessige organisasjonar møtest til dialog.

Les meir om dialog på STL sine nettsider.

UngDialog tilbyr arrangement og verktøy for unge som ønskjer å delta i dialogarbeid:

Les meir om UngDialog.

Fem ungdommar samtaler rundt eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Slik skaper du ein god dialog

Det viktigaste for å få til ein god dialog er:

  • å lytte aktivt til det andre seier
  • å stille opne spørsmål, slik at dei andre kan utdjupe det dei meiner
  • å ikkje tilleggje andre meiningar du trur dei har
  • å presentere eigne tankar på ein måte som gjer andre nysgjerrige på å vite meir

Les meir om reglar for god dialog på UngDialog sine nettsider:

Digitale verktøy som støttar dialog

Dialog fungerer best ansikt til ansikt. Men det finst nokre verktøy som kan hjelpe til med å strukturere og vidareutvikle samtalen og sørgje for at alle i ei gruppe eller ein klasse kjem til orde. Eit slikt verktøy er Talkwall (Samtavla).

Verktøyet gjer det mogleg å opprette digitale tavler i klassen. Hensikta med desse tavlene er å forstå kvarandre sine idear og perspektiv for deretter å byggje vidare på kvarandre sin kunnskap. Tavlene kan brukast i samla klasse og styrast av lærar, eller i elevgrupper.

Rettleiing: Hvordan bruke Samtavla?

Bruk Samtavla

Del klassen inn i fire grupper og la kvar gruppe utforske det digitale verktøyet Samtavla som del av ein livssynsdialog der temaet er:

Er det rett av menneske å ta livet av dyr?

Del erfaringar med bruk av Samtavla med kvarandre i etterkant. På kva måte kan eit slikt verktøy vere til støtte i dialogen?

Dersom erfaringane er positive, kan de bruke Samtavla i ein dialog om same tema i heile klassen.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Metodar for samtale og dialog