Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Kva er etikk?

Oppgåve

Oppgåver om normer, verdiar og haldningar

Utforsk ulike haldningar, normer og verdiar og diskuter korleis etikken endrar seg. Finst det situasjonar der det kan vere rett å stele, lyge og drepe, eller er det gale uansett?

Oppgåve 1. Doping

Therese Johaug er ein norsk skiløpar. I 2016 blei ho dømd til utestenging i 18 månader for doping etter å ha fått ein leppekrem, som var forboden, av legen på landslaget. Lance Armstrong vann VM og Tour de France sju gonger før han blei teken i den største dopingskandalen i sykkelsporten. Han innrømde seinare å ha dopa seg bevisst og systematisk for å vinne.

  1. Sjå pressekonferansen med Therese Johaug etter dopingavsløringa, og les artikkelen eller sjå videoen Lance Armstrong innrømmet doping hos Oprah på NRK.

  2. Samanlikn , og i dopingsaka til Therese Johaug med dopingsaka til Lance Armstrong (eller ein annan idrettsutøvar som er teken i doping.) Kva er forskjellane og likskapane?

Oppgåve 2 Når er noko rett og gale?

  1. Diskuter følgjande handlingar med sidemannen. Når kan det vere gale, og når kan det vere rett

    • å slåst

    • å jukse

    • å hemne seg

    • å drepe

    • å ikkje gjere noko

    • å vere ulydig

    • å slå eit barn

    • å stele

    • å ikkje vite

    • å vere først

    • å snakke

    • å lytte

    • å gøyme seg?

    (Brenifier, s. 30)

  2. Finst det noko fasitsvar i etikken? Kan du komme på nokon konkrete døme på handlingar som alltid er galne, uavhengig av tid, stad og omstende?

Oppgåve 3 Kvifor forandrar etikken seg?

Kvifor forandrar etikken seg? Ta gjerne utgangspunkt i konkrete døme. Diskuter dette med ein medlev.

Sjå deretter samtalen mellom Melsom og Moen og samanlikn det med ditt eige svar.

Etikk med Melsom & Moen 3. Video: Christina Svien / CC BY-SA 4.0

Kjelder

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Karl Henrik Aanesen og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2022