Oppgåve
Kva kan du frå før om religion og etikk?
Kva kan du frå før om tema som religion, livssyn, etikk og filosofi? Og kvifor er det viktig å kunne noko om slike tema?
Reflekter og noter stikkord individuelt i 10 minutt. Diskuter i grupper eller i plenum etterpå.
- Kva hugsar du best frå KRLE-faget i grunnskulen? Nemn tre eksempel, og reflekter over kvifor du hugsar dette spesielt godt.
- Noter så mange ulike religionar du kan, på 30 sekund. Ta tida på deg sjølv.
- Det er nyttig å kunne noko om tema som religion, livssyn, etikk og filosofi også i andre fag. Prøv å komme på tre argument for denne påstanden.
- Det er nyttig å kunne noko om tema som religion, livssyn, etikk og filosofi for å kunne vere ein aktiv og reflektert borgar i eit demokratisk samfunn. Prøv å komme på tre argument for denne påstanden.
- Trur du det er viktigare med slik kunnskap i dag enn det var for hundre år sidan? Grunngi svaret.