Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Den samiske stjernehimmelen

Ifølge den samiske tradisjonen dannar stjernene på himmelen ei jaktscene. Det samiske levesettet med nærleik til naturen har ført til at samane har eit medvitent forhold til stjernehimmelen. Dei samiske stjernebileta speglar det samiske levesettet med jakt og reindrift.
Silhuett av menneske på avstand under ein stor stjernehimmel. Foto.

Stjernehjul

Sarvvis, det viktigaste samiske stjernebiletet, er ein reinokse, villrein eller ein elgokse. Sarvvis er sentral i forteljinga om den dramatiske jakta som går føre seg på stjernehimmelen. Du kan lese meir om den samiske stjernehimmelen på nettsidene til Naturfagsenteret, og du kan òg lese om samiske stjernebilete på nettsidene til Universitetet i Oslo.

Ved hjelp av ein mal frå Nordnorsk kunnskapssenter kan du lage eit stjernehjul. Der er alle dei tolv stjernebileta i dyrekrinsen markert. På stjernehjulhaldaren kan du velje klokkeslett og himmelretning. Du kan sjølv velje den stjernehjulhaldaren som er nærast den breiddegraden du er på.

CC BY-SASkrive av Eva Johnsen.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2022

Læringsressursar

Forsking, metodar og modellar