Hopp til innhald
Fagartikkel

Evolusjon – ein evig prosess

Evolusjon forklarer korleis organismar har utvikla seg frå ei felles avstamming. Naturleg utval er ei forklaring på prosessen som har ført til endringar i populasjonane og tilpassingar til miljøet. Genetisk variasjon gjer populasjonen meir robust til å tole eventuelle endringar i miljøet.

Alle organismar har utvikla seg frå same opphav

Evolusjonen gir ei skildring av korleis artar har utvikla seg, og korleis artar endrar seg over tid. Naturleg utval, mutasjonar, epigenetikk og endring i genoma til artane er viktige omgrep når vi skal forklare evolusjonen.

Evolusjon dreier seg altså om fleire endringsprosessar som fører til at det genetiske materialet i ein populasjon endrar seg, og kva som kan føre til at nye artar blir utvikla. Slik vi kjenner til organismar i dag, har alle utvikla seg frå same livsform og tidlegare utgåver av organismar på same grein i slektstreet.

Charles Darwin skreiv at naturleg utval føreset 1) overproduksjon, 2) arv og 3) variasjon

  1. Det blir fødd fleire avkom enn det som er naudsynt for å halde ein populasjon stabil. Avkom kan bli utsette for mange farar, og sjansen for at nokon vil overleve, stig når mange blir fødde samtidig.
  2. Avkom har arvemateriale frå begge foreldra sine og liknar på dei.
  3. Sjølv om individa i ein populasjon ser like ut, har dei variasjonar i arvematerialet sitt.

Kven får føre gena sine vidare?

I ein populasjon er enkelte individ av arten betre tilpassa ved at dei er meir robuste og sterkare, flinkare til å finne mat eller flinkare til å passe på avkomet sitt. Dei har eit fortrinn i ein konkurranse om å få flest barn som overlever, veks opp og fører gena sine vidare. På den måten blir heile populasjonen etter kvart betre tilpassa det miljøet dei lever i.

Dersom miljøforholda endrar seg, vil nokre i populasjonen ha gen som gjer det lettare å tilpasse seg og overleve. Eit døme på det kan vere kamuflasje mot rovdyr. Dei som er best kamuflerte med fargenyansane på til dømes fjører eller pels, blir ikkje så lette bytte. Dermed overlever desse i større grad enn andre, og fører gena sine vidare slik at denne genvarianten blir stadig vanlegare i populasjonen.

For planter kan eigenskapar som god frøspreiing, tornar og beitetoksin gjere dei til vinnarar i kampen om å overleve og få spreidd gena sine i tøffe miljø.

Koevolusjon

Forholdet mellom planteetarar og planter kan i mange tilfelle skildrast som eit evolusjonært våpenkappløp, der både planteetarar og planter stadig utviklar nye trekk. Slik gjensidig tilpassing blir kalla koevolusjon og går òg føre seg mellom blomsterplanter og pollinerande insekt.

Døme

  • God vindfrøspreiing som hos løvetann, eller frø med innpakking som tiltrekkjer seg frøspreiarar (rognebær og trost)
  • Tornar hos tistlar
  • Beitetoksin: Nokre planter forsvarer seg kjemisk ved å produsere giftige eller tungt fordøyelege stoff. Andre sender ut dufter for å tiltrekkje seg kvefs, som angrip beitande insektlarver.

Overlevingsstrategi – tilpassing gjennom evolusjon

På myrer finn vi artar som har utvikla svært spesielle overlevingsstrategier som gir dei konkurransefortrinn. Torvmosen sender ut det antiseptiske (bakteriedrepande) stoffe sphagnan, som få andre artar trivst i, og soldogg er ei kjøtetande plante som kan klare seg på svært næringsfattig jordsmonn fordi dei kan få næring ved å fange og fordøye insekt.

CC BY-SA 4.0Skrive av Kristin Bøhle og Hilde Ervik.
Sist fagleg oppdatert 28.05.2020