I denne simuleringa skal du undersøke ulike radioaktive kjelder, teste rekkevidda av strålinga og finne ut kor mykje av strålinga som kan trenge gjennom ulike materiale. Du kan opne simuleringa i fullskjermvising.
Mogleg feilkjelde ved bruk av geigerteljar (GM-teljar)
Når alfa-partiklar blir bremsa ned, blir det danna elektromagnetisk stråling. Denne strålinga kan ha høg nok energi til at ho kan ionisere partiklar, og det er nettopp slike ioniseringar ein geigerteljar registrerer. Geigerteljaren skil ikkje mellom partiklar og foton, men registrerer alle impulsar med høg nok energi. Målingar med geigerteljar kan derfor gi inntrykk av at alfastråling tilsynelatande ikkje let seg redusere eller stoppe av materiale som papir, kjøtt, aluminium osb. fordi teljaren også registrerer elektromagnetisk stråling som har oppstått under nedbremsing av alfastrålinga.
I denne simuleringa er resultata korrigerte med tanke på feilkjelda.
Vurdering av resultat. Samanlikning av radioaktive kjelder
Tabellen viser gjennomsnittsaktiviteten av 5700 målingar frå simuleringa. Her har betakjelda i utgangspunktet mykje større aktivitet enn gammakjelda, men når stråling frå dei to kjeldene går gjennom eit papirark, blir ein større del av strålinga frå betakjelda stoppa, samanlikna med gammakjelda.
GjennomsnittsMålinger frå simuleringa
Strålingskjelde
Luft, Bq
Papir, Bq
Endring
Betastråling
227
210
Gammstråling
37
36
- 3 %
Ut frå tabellen er aktiviteten til gammastrålinga i gjennomsnitt 37 Bq i lufta 2 cm unna kjelda, og 36 Bq på same stad dersom det blir plassert eit papirark mellom.
Det vil seie at 97 % av gammastrålinga passerer gjennom papirarket. Samanliknar vi med betastrålinga, er aktiviteten 2 cm frå kjelda 227 Bq utan hindring og 210 Bq på same stad med eit papirark mellom.
92 % av betastrålinga passerer gjennom papirarket. Derfor bør du heller samanlikne kor stor del stråling som slepp gjennom ei hindring, med strålinga utan ei hindring til stades.
Formål
I dette forsøket skal du undersøke ulike radioaktive kjelder, teste rekkevidda av strålinga og finne ut kor mykje av strålinga som kan trenge gjennom ulike materiale.
Framgangsmåte
Bruk simuleringa over.
Mål bakgrunnsstrålinga:
Slå på Geiger-Müller-teljaren og trykk på "Start".
Noter verdien.
Gjennomfør tre målingar, og rekn ut gjennomsnittet av desse målingane.
Gjennomfør målingar der du byter på å bruke alle dei tre radioaktive kjeldene og dei ulike materiala:
Vel radioaktiv kjelde.
Vel avstand.
Vel materiale.
Trykk "Start".
Gjennomfør minst 3 målingar før du endrar avstanden.
Gjennomfør minst 3 målingar med den nye avstanden før du byrjar på punkt A igjen, med ei anna radioaktiv kjelde.
Resultat
Du kan registrere målingane i reknearket under.
Rekn ut kor stor del stråling (i prosent) som slepp gjennom ei hindring, i forhold til same type stråling utan at det er ei hindring til stades. (Det skjer automatisk i skjemaet under.)