Hopp til innhald
Forsøk

Forsøk: Undersøk enzym i vaskemiddel

I dette forsøket skal du undersøke korleis enzym i vaskemiddel fjernar flekkar på klede, og finne ut kva enzym som er viktigast for at kleda dine skal bli reine.

Bakgrunnsteori

Vaskemiddel er kjemikaliar som bryt ned og fjernar skit, og gjer kleda dine reine og velduftande. Det som gjer at klesvasken blir rein, er først og fremst vatn, temperatur, mekanisk tilarbeiding og ulike kjemiske stoff som såpe, , , parfyme og enzym.

Enzym gir ekstra hjelp til å fjerne vanskelege flekkar. Det er fire hovudklassar av enzym som blir brukte i vaskemiddel:

Proteasar
bryt ned protein.
Lipasar
bryt ned feittstoff.
Amylasar
bryt ned stivelse.
Cellulasar
bryt ned "nuppar", små bomullsfibrar som filtrar seg på kleda når dei blir brukte, og dermed bidreg til å halde stoffet glatt og fint.

For at klesvasken skal bli mest mogleg effektiv, inneheld dei fleste vaskemiddel ein kombinasjon av ulike enzym.

Føremål

Føremålet med dette forsøket er å få kunnskap om enzymbioteknologi ved å undersøkje korleis enzym i vaskemiddel kan brukast til å fjerne flekkar på klede.

Viss de ikkje har moglegheit til å bruke isolerte enzym, går det an å tilpasse forsøket til bruk av ulike vaskemiddel frå butikken.

Framgangsmåte

Til lærar

Når du vel løysningar for å lage flekkar, er det viktig at du plukkar ut stoff som er godt eigna til å teste dei ulike enzyma (protease, lipase og amylase), til dømes eggekvite, olivenolje og stivelsesløysning.

Marker dei ulike behaldarane med enzym med A, B, C og D, slik at elevane ikkje veit kva som er i dei.

Del klassen inn i grupper på åtte elevar. Innanfor gruppene skal elevane hovudsakleg jobbe i par. Para skal til slutt setje saman resultata sine og diskutere forsøket med resten av gruppa.

Lage flekkar

For å kunne teste kor effektive enzyma i ulike vaskemiddel er, treng de skite tøy. Start derfor med å lage flekkar på kvit tekstil.

  1. Gruppa deler seg inn i par. Kvart par jobbar med ein "flekk-løysning".
  2. Kvart par skal klippe opp kvit tekstil i 18 bitar som er cirka 5 x 5 cm store. For å skilje tekstilbitane frå dei andre para i gruppa bør de velje ulike fasongar på bitane.
  3. Kvart par skal no farge alle sine 18 tekstilbitar med same "flekk-løysning". Det er viktig at alle para i gruppa bruker same mengd løysning. Bruk gjerne pipette eller dropeteljar for å få det mest mogleg nøyaktig.
  4. I heile gruppa har de no 72 tekstilbitar med flekkar av 4 ulike løysningar. Sortar alle dei farga tekstilbitane i 18 bunkar, slik at kvar bunke inneheld 1 tekstilbit med kvar av dei 4 "flekk-løysningane". Desse bunkane skal vidare brukast for å teste dei ulike vaskemidla de lagar.

Lage vaskemiddel

  1. Kvar gruppe lagar eigne vaskemiddel. Lag eitt vaskemiddel for kvart av dei 4 enzyma A–D.
  2. Lag vaskemidla ved å blande alle ingrediensane i eit begerglas på 1 L:

    • 3 g kjøpt vaskemiddel utan enzym
    • 1 g enzym
    • 1 L vatn
  3. Lag to kontrollprøver:

    • kontrollprøve 1: berre vatn
    • kontrollprøve 2: kjøpt vaskemiddel utan enzym blanda med vatn
  4. Når dei ulike vaskemidla er godt oppløyste, fordeler de kvart av dei 4 vaskemidla på 3 mindre begerglas (400 mL), slik at de no har 330 mL vaskemiddel i kvart begerglas. Gjer det same med kontrollprøvene. Merk alle dei 18 begerglasa.

Teste vaskemiddel

No er det tid for å teste vaskemidla på dei flekkete tekstilane de laga, og finne ut kva enzym som er i kvart av dei ulike vaskemidla (A–D). I heile gruppa har de no 18 bunkar beståande av 4 tekstilbitar farga med kvar av dei ulike "flekk-løysningane". I tillegg har de 18 små begerglas som inneheld 6 ulike vaskemiddel-løysningar.

Fordel arbeidsoppgåvene, og jobb i par.

De skal teste ut kvart enkelt vaskemiddel på kvar av dei 4 flekkane, og ved ulike temperaturar.

  1. Start med vaskemiddelet som inneheld enzym A, ved romtemperatur. Plassar ein bunke med 4 tekstilbitar farga med kvar av dei ulike "flekk-løysningane" i begerglaset med riktig vaskemiddel.
  2. Lat tekstilbitane ligge i vaskemiddelet i 5 minutt mens de rører. Bruk stoppeklokke til å ta tida.
  3. Etter 5 minutt heller de ut vaskemiddelet, vrir mest mogleg vatn ut av tekstilbitane og lèt dei tørke. Her kan det vere smart å bruke ein hårfønar med kaldluft-funksjon for at tørkeprosessen skal gå raskare.
  4. Bruk ein vassfast tusj til å merke tekstilbitane med kva vaskemiddel de har testa, og kva temperatur de testa det ved.
  5. Gjenta steg 1–4 ved ulike temperaturar:

    • først ved 40 ℃
    • deretter ved 70 ℃

    Varm opp vaskemidla til ønskt temperatur ved bruk av vassbad eller kokeplate. Det er viktig at de har nøyaktig temperatur før de tilset dei farga tekstilbitane.

  6. Gjenta forsøket for vaskemidla som inneheld enzym B, C og D, og for kontrollprøvene.
  7. Når alle vaskemidla er testa og tekstilbitane tørka, sorterer de dei 72 tekstilbitane i eit logisk mønster, slik at de får oversikt over resultata dykkar.

  8. Bruk registreringsskjemaet, og samanlikn effektiviteten til dei ulike vaskemidla ved dei ulike temperaturane og på dei ulike flekkane.

Konklusjon og diskusjon

  • Kva konklusjonar kan de trekke av resultata dykkar?

    1. Kva vaskemiddel fungerte best på dei ulike flekkane?
    2. Kva fortel dette dykk om enzyma i vaskemiddelet?
    3. Kva for eit enzym trur de var A, B, C og D?

      (Sjekk mot fasit frå lærar.)

  • Er vaskemiddel mest effektive med eller utan enzym?
  • Kvifor var ikkje alle vaskemidla like effektive på alle flekkane?
  • Kva flekk var det vanskelegast å fjerne? Kva trur de kan vere årsaka til det?
  • Korleis påverkar temperaturen effektiviteten til vaskemidla?
  • Kva er fordelane ved å bruke enzym i vaskemiddel?
  • Kan vaskemiddel med enzym brukast på alle typar tekstilar?
  • Korleis er det mogleg at enzym kan fjerne flekkar ved høge temperaturar?

Forslag til vidare arbeid

  • Undersøk ulike vaskemiddel vi kan få kjøpt i butikken, ved å studere innhaldslista. Kva enzym inneheld desse?
  • Korleis blir det reklamert for ulike vaskemiddel? Stemmer reklamen med det du no har lært om vaskemiddel?
  • Lag ein informasjonsplakat til vaskerommet heime som forklarer korleis du kan fjerne ulike typar flekkar på klede.

Denne sida er ei omarbeidd utgåve av "Which laundry enzymes work best?" frå Science in School.

Relatert innhald

Fagstoff
Bioteknologi i kvardagen din

Vi er omgitte av produkt baserte på genmodifiserte protein, såkalla enzym, som gjer kvardagen vår litt enklare.

CC BY 4.0Skrive av Mariona Lladonosa Soler.
Sist fagleg oppdatert 10.11.2020