Ferieundersøking
I denne oppgåva skal de planleggje, gjennomføre og analysere ei marknadsundersøking for å kartleggje reise- og ferieplanane til medelevar.
Målet med undersøkinga er å finne ut kvar ungdom har lyst til å reise i ferien sin, og kva dei har lyst til å gjere når dei er der.
Bestem dykk for kva type undersøking de vil gjennomføre, kvalitativ eller kvantitativ.
Diskuter og bli einige om kva spørsmål det er viktig å få svar på, og korleis dei skal stillast.
Bli einige om korleis svara skal analyserast, og korleis dei skal rapporterast (grafar, diagram, søyler).
Lag undersøkinga, og gjennomfør ho. Kanskje ønskjer de å kombinere metodane og lage både ei digital spørjeundersøking og ei intervjuundersøking på skulen?
Fordel svara mellom dykk, og analysér. Set analysane saman og lag ein rapport.
Evaluer når de er ferdige. Vart det ei vellykka marknadsundersøking?
Lykke til!
Relatert innhald
Kvantitative undersøkingar i form av spørjeundersøkingar er nok den forma for marknadsundersøkingar flest av oss kjenner til.
Djupneintervju, observasjon og eksperiment er tre ulike måtar å innhente informasjon på ved undersøkingar.