Hopp til innhald
Fagartikkel

Motivasjon

Kva er motivasjon, og korleis påverkar motivasjon forbrukaråtferda?

Å ha eit motiv betyr å ha ein grunn til å gjere noko. At handlingane våre i ein bestemt situasjon er motiverte av eit eller anna, vil seie at vi siktar mot å nå bestemte mål. Motivasjon er drivkrafta i handlingane våre, han gir handlingane våre retning. Motivasjon er nært knytt til behov.

Motivasjon er med på å påverke forbrukarar når dei søkjer etter, vurderer, kjøper og bruker produkt. Dermed er motivasjon med på å påverke forbrukaråtferd.

Tenk over

Tenk gjennom eit eller fleire kjøp du har gjort. Kva trur du kan ha vore motivasjonen bak kjøpa?

Indre og ytre motivasjon

Det er vanleg å skilje mellom indre og ytre motivasjon. Drivkrafta ved indre motivasjon er dine eigne interesser og nysgjerrigheit. Drivkrafta ved ytre motivasjon kjem frå omgivnadene. Forskjellen ligg ikkje i kva vi gjer, men i grunngivinga for det vi gjer.

Vi kan til dømes kjøpe ei feriereise til varmare strøk fordi vi har lyst på sol og varme. Vi kan òg bli stimulerte til å reise fordi gode venner inviterer oss med. Nysgjerrigheit og lyst til å sjå og oppleve noko nytt og annleis er sannsynlegvis òg ei sterk drivkraft for å reise. Nokon kan kanskje òg oppleve å bli motivert til å kjøpe ei feriereise for å kunne fortelje om kor langt dei har reist, kjende stader dei har besøkt og så vidare.

Tenk over

Kan du skilje nokon av motivasjonsfaktorane for å reise inn i indre og ytre motivasjon?

Sigmund Freud og teorien om det umedvitne

Sigmund Freud var ein austerriksk psykolog som mellom anna utvikla ein teori der det umedvitne står sentralt i forklaringa av menneskeleg åtferd og motivasjon. Tankane til Sigmund Freud har hatt stor betydning innan motivasjons- og åtferdsforsking.

Freud meinte mellom anna at opplevingar i barndommen, og den tidlege utviklinga vår generelt, pregar personlegdommen og motivasjonen vår. I oppveksten må vi mellom anna lære å undertrykkje ønske og behov som samfunnet rundt oss ikkje godtek. Desse ønska og behova er likevel ikkje borte, dei viser seg gjennom åtferda vår på ulike måtar.

Som resultat av utviklinga vår har vi ulike reaksjonsmønster, og vi opplever situasjonar, ting, idear og så vidare på ulikt vis. Desse reaksjonsmønstera er vi vanlegvis ikkje klare over. Freud antok at heile 90 prosent av avgjerdene vi tek, er motiverte av umedvitne impulsar.

Den underliggjande årsaka til at vi kjøper ei bestemt vare, kan på bakgrunn av Freud sin teori om det umedvitne vere noko ganske anna enn det vi sjølv trur. Tenk deg til dømes eit kjøp av ein bil som transportmiddel til og frå jobb. Valet av bilmerke fell på Volvo. Mange som kjøper Volvo, legg stor vekt på sikkerheit. Kanskje denne preferansen kan skrive seg frå situasjonar frå barndommen der vi har blitt redde eller usikre på ein eller annan måte?

Det å prøve å knyte produkt opp mot noko positivt i til dømes reklamar er vanleg. Kanskje vi forbrukarar umedvitne får gode assosiasjonar og kjensler knytte til produktet, som igjen kanskje gjer at vi vil kjøpe produktet?

Vi blir påverka umedvitne av mellom anna lydar, lukter, fargar, lys og visuelle former. For mange butikkar kan det vere fordelaktig å nytte seg av ulike grep for å skape ein god atmosfære i butikklokala i form av til dømes bakgrunnsmusikk og behageleg duft.

Tenk over

  • Har du lagt merke til at produkt i reklamar ofte blir opp kopla til noko positivt, som gjer at vi forbrukarar kanskje umedvitne får lyst til å kjøpe produkta? Kan du nemne nokon døme?

  • Er du overraska over at forsking viser at gode dufter, bakgrunnsmusikk og medviten fargebruk er noko av det som kan bidra til å få oss i kjøpemodus?

  • Trur at du har late deg freiste til å kjøpe noko på bakgrunn av lukta eller lyden i eit butikklokale?

Motivasjonsforskinga til Ernest Dichter

Ernest Dichter var ein austerriksk-amerikansk psykolog og motivasjonsforskar. Han innførte både metodar og omgrep frå psykologien i marknadsforskinga og tok mellom anna i bruk djupneintervjuet som metode for å forstå kvifor forbrukarar vel som dei gjer.

Dichter meinte at eit produkt alltid har både ein nytteverdi og ein symbolverdi knytt til seg, og at vi forbrukarar aldri vurderer produktet berre ut frå eit nytteperspektiv. Dichter introduserte mellom anna tankar om den psykologiske tilleggsverdien ved produkt.

Dichter meinte at eit produkt eller merke til dømes kan bli marknadsført med merkelappar som kor ekte, ærleg, robust eller elegant det er – eigenskapar som vi til vanleg knyter til menneske.

Vi kan seie at Ernest Dichter introduserte ein tankegang om å personifisere produkt og merke. På den måten kan produkt få eit image og ein merkepersonlegdom, som igjen kan appellere til underliggjande kjensler og behov hos ulike kundegrupper.

Motivasjonsteorien til Maslow

Behov og motivasjon heng nært saman. Vi kan forklare behov som ein følt mangeltilstand. Kva behov er det som driv oss, og er det mogleg å setje desse behova i system?

Abraham Maslow var ein amerikansk psykolog som er kjend for å ha utvikla ein teori om kva som motiverer oss menneske til handling. Maslow meinte at behova våre kan delast inn i fem behovskategoriar, der nokre kategoriar er meir grunnleggjande enn andre. Maslow meinte at behov på lågaste nivå må dekkjast først, og at nye behov melder seg etter kvart som dei underliggjande behova blir dekte.

For at vi skal leve og trivast som menneske, må visse grunnleggjande behov vere dekte. Vi må mellom anna ha mat, drikke og varme klede. Mat og drikke er naudsynt, men ikkje tilstrekkeleg for å leve og blomstre som menneske. Vi har òg behov for å vere trygge, behov for kontakt med andre, og behov for å bli anerkjende og å kunne utvikle oss som menneske.

Behovspyramiden til Maslow er ein modell som illustrerer dette behovshierarkiet. Du kan sjå behovspyramiden og gjere deg litt kjend med dei ulike behovskategoriane nedanfor.

Tenk over

Kva behov trur du kan motivere til å kjøpe ein ny bil?

Kva behov trur du kan motivere til å kjøpe ei reise til varmare strøk?

Kva behov trur du kan motivere til å kjøpe ei olabukse?

Drøft påstanden: "Behov kan ikkje skapast, men dei kan vekkjast og dekkjast."