Hopp til innhald
Oppgåve

Rekker – blanda oppgåver

Her finn du oppgåver om rekker utan at dei er knytte opp mot eit bestemt underemne.

Du finn løysingane til oppgåvene nedst på sida.

1.1

I 2017 selde ein forhandlar 3 000 syklar. Vi går ut frå at salet vil auke med 300 syklar per år i nokre år framover.

a) Set opp ein eksplisitt formel for kor mange syklar forhandlaren vil selje n år etter 2016.

b) Kor mange syklar vil forhandlaren til saman selje fram til og med år 2022?

c) Når vil det årlege salet vere på 3 900 syklar?

d) Kor mange år vil det gå før forhandlaren til saman har selt 32 400 syklar?

1.2

Figuren nedanfor viser dei fire første trekanttala.

Talet på prikkar i desse figurane kallar vi for trekanttala. Trekanttal nummer n kallar vi Tn. Vi har då at T1=1, T2=3, T3=6, ...

a) Finn dei neste to trekanttala, T5 og T6.

b) Finn ein rekursiv formel for Tn.

c) Finn ein eksplisitt formel for Tn.

1.3

Ta utgangspunkt i den rekursive formelen for Tn i førre oppgåve.

a) Beskriv ein algoritme du kan bruke til å rekne ut summen av dei n første trekanttala.

b) Lag programmet.

1.4

Vi har gitt den følgande rekka:

1+ex+e2x+ ... 

a) Finn konvergensområdet til rekka.

b) Finst det ei øvre grense for kva summen av rekka kan bli?

1.5

For kvar av rekkene nedanfor skal du

  1. finne dei tre neste ledda i rekka

  2. finne ein eksplisitt formel for an

  3. finne ein rekursiv formel for anved å rekne ut an-an-1

a) 12+14+16+ ...

b) 1+14+19+116+ ...

c) 23+34+45+ ...

d) 1+2+3+ ...

1.6

Ei bedrift har i ein periode sleppt ut 1 000 tonn CO2 kvart år. Dersom dette held fram, vil det samla utsleppet dei neste seks åra bli 6 000 tonn CO2. Bedrifta får pålegg om at det samla utsleppet i desse seks åra ikkje må overstige 5 000 tonn.

Bedrifta satsar på å redusere utsleppsmengda med ein fast prosentsats kvart år.

Kva må denne prosentsatsen vere om dei skal nå målet sitt?

1.7

Når ein tek opp eit lån, kan ein av og til velje å betale det tilbake som eit serielån. Då betaler ein like store avdrag gjennom heile perioden, mens rentebeløpet blir mindre etter kvart som restlånet blir mindre. Det betyr at terminbeløpet òg blir mindre etter kvart.

Nedanfor ser du byrjinga på ein tilbakebetalingsplan for eit serielån med lånebeløp på 200 000 kroner, årleg rente på 5 prosent og ei tilbakebetalingstid på 20 år (for å gjere det enkelt opererer vi med årlege terminbeløp).

ÅrAvdragRenteTerminbeløpRestlån
110 00010 00020 000190 000
210 0009 50019 500180 000
310 0009 00019 000170 000
410 0008 50018 500160 000
...............

a) Forklar at summen av rentene og summen av terminbeløpa kan beskrivast med kvar si aritmetiske rekke, og finn ein eksplisitt formel for ledd nummer n, an, i dei to rekkene.

b) Bruk ei av rekkene du fann i a) og finn ut kor mykje du må betale til saman over 20 år.

c) Lag eit program som kan skrive ut ei liste med terminbeløp, rente per termin, totalt beløp til no og total rentekostnad til no for kvart år ut frå opplysningar frå brukaren om lånebeløp, rente og talet på terminar.

1.8

Finn konvergensområda og eit uttrykk for summen av dei konvergerande geometriske rekkene:

a) 2+4lgx +8lgx2+ ...

b) 4x+2x2+x3+ ...

c) 1+2x+22x+ ...

d) 1lnx+1lnx2+1lnx3+ ...

1.9

a) I ei uendeleg konvergerande geometrisk rekke er a1=2 og S=4. Finn k i rekka.

b) I ei uendeleg konvergerande geometrisk rekke er k=18 og S=16. Finn a1 i rekka.

1.10

I byrjinga av mars 2020 oppdaga styresmaktene i Noreg dei første tilfella av koronasmitte. Styresmaktene visste at dersom dei ikkje sette inn tiltak for å hindre spreiing av viruset, ville i gjennomsnitt kvar koronapasient smitte cirka 2,4 andre personar dei omtrent 5 dagane ein rekna med at pasienten var smitteførande.

a) Forklar at vi kan bruke ei geometrisk rekke som ein modell for det samla talet smitta etter n periodar på 5 dagar dersom ingen tiltak blir sette i verk.

Vi set n=1 den dagen det var 10 registrerte smitteførande menneske i eit område. Vi lar n stå for talet på periodar på 5 dagar.

b) Finn ein eksplisitt formel for an.

c) Kor mange menneske i dette området har vorte smitta til saman etter 25 dagar etter denne modellen?

d) Finn ut kor mange smitteberande personar det finst i dette området 60 dagar etter dag 1.

e) Utfordring: I ei undersøking fann ein at ein bestemd type koronasjukdom gjorde at dei som vart sjuke, i snitt kjende seg sjuke eller prega 20 dagar etter at dei vart smitta. Kor mange menneske i dette området kjenner seg prega av korona 70 dagar etter dag 1?

f) Er tala du fann i d) og e) realistiske? Forklar!

1.11

Ein hummarfiskar går ut frå at at talet på humrar han får kvar veke dei åtte vekene hummarfisket går føre seg, vil minke med 3 for kvar veke. Den første veka han fiska, fekk han 30 humrar. Vi kan sjå på talet på humrar han får ei veke, som eit ledd i ei aritmetisk rekke.

a) Finn ein formel som viser kor mange humrar han får i veke n dersom hypotesen hans stemmer.

b) Kor mange humrar reknar han med å få dei fire første vekene?

1.12

(Oppgåva er henta frå eksamen 2MZ, 2005.)

Ein stabel med røyr ligg delvis skjult bak ein murvegg. På teikninga ser vi toppen av stabelen. I den øvste rada er det fire røyr.

a) Skriv opp ei rekke som gir talet på røyr i dei tre øvste radene.

b) Kva slags rekke er dette? Finn ein formel for ledd nummer n i rekka.

c) Kor mange røyr ligg i den 10. rekka målt ovanfrå?

d) Kor mange røyr er det til saman i dei 10 øvste rekkene?

e) Det er 270 røyr i stabelen til saman. Kor mange rader er det i stabelen?

1.13

(Oppgåva er henta frå eksamen 2MZ, 2006.)

Summen av alle oddetal under 200 er gitt ved rekka

1+3+5+ ... +199

a) Forklar at dette er ei endeleg aritmetisk rekke.

b) Finn ved rekning kor mange oddetal det er i rekka.

c) Bestem summen av rekka.

d) Skriv brøken så enkelt som mogleg: 1+3+5+...+1992+4+6+...+200

1.14

Du opprettar ein sparekonto og set inn 5 000 kroner på kontoen 1. januar 2021. Du vil halde fram med å setje inn 5 000 kroner på denne kontoen 1. januar kvart år framover. Renta du får på kontoen, er fast med 6 prosent per år. Finn ut kor mykje det står på kontoen 31. desember 2024, altså rett før du skal setje inn det 5. beløpet.

1.15

Ein medisinkur går over 8 dagar. Den første dagen får pasienten 50 mg av medisinen. Deretter blir mengda redusert med 5 prosent per dag.

a) Kor mange milligram får pasienten av medisinen den 8. dagen?

b) Kor mange milligram får pasienten til saman i løpet av kuren?

1.16

(Oppgåva er henta frå eksamen 2MZ, 2005.)

I samband med omstillingar på jobben blir Eva tilboden økonomisk godtgjering for å slutte. Ho kan velje mellom to tilbod:

  1. eit eingongsbeløp på 875 000 kroner utbetalt 1. januar 2016

  2. ei årleg utbetaling på 100 000 kroner den 1. januar kvart år, første gong i 2016 og siste gong i 2025

Eva vil setje alle pengane i banken med ein gong ho får dei, og ho vil bruke godtgjeringa som supplement til pensjonen når ho går av som pensjonist 1. januar 2026. Vi skal samanlikne tilboda til Eva.

a) Kor mykje pengar har ho i banken den 1. januar 2026 når rentesatsen er 2,5 prosent per år, dersom ho vel tilbod 1?

b) Kor mykje pengar har ho i banken den 1. januar 2026 når rentesatsen er 2,5 prosent per år, dersom ho vel tilbod 2? Kva for eit av tilboda er best?

c) Kva må renta vere for at begge tilboda skal vere like gode?

Eva vel tilbodet med eit eingongsbeløp og set pengane i banken. Ho vil bruke heile det oppsparte beløpet til å supplere pensjonen. Ho ønsker å ta ut ti like store årlege beløp den 1. januar kvart år, første gong i 2016.

d) Kor store årlege beløp kan ho ta ut dersom rentesatsen heile tida er 2,5 prosent?

1.17

Den italienske matematikaren Leonardo Fibonacci har fått ei bestemd talfølge kalla opp etter seg som er slik:

1,1,2,3,5,...

a) Beskriv mønsteret med ord.

b) Koden nedanfor er ein rekursiv funksjon som skriv ut fibonaccital nummer 10. Beskriv med ord kva som skjer når du køyrer han.

python
1def fibo(n):
2    if n <2:
3        return n
4    else:
5        return fibo(n-1)+fibo(n-2)
6print(fibo(10))

c) Køyr programmet i b) og byt ut fibo(10) med fibo(40). Kva observerer du?

d) Lag eit program som kan generere og skrive ut fibonaccital nummer n raskare enn funksjonen i b).

1.18

Ein kronisk sjuk pasient som må ta faste medisinar, får dagleg ein tablett som inneheld 20 mg av eit virkestoff. Kroppen bryt ned 60 prosent av virkestoffet per døgn. Medisinen er farleg dersom den totale mengda i kroppen blir større enn 30 mg.

a) Vis ved utrekning at det ikkje er trygt for pasienten å følge denne medisineringa over tid.

b) Ein annan pasient får ein tablett som inneheld berre 10 mg av virkestoffet. Er denne medisineringa trygg?

c) Finn det høgaste trygge daglege inntaket av dette virkestoffet.

Løysingar

1.1 for hand

Løysing

a) Vi kan sjå på dette som ledd i ei aritmetisk følge der
a1=3 000 og d=300. Vi får altså følgande eksplisitte formel for an:

an = a1+dn-1an = 3 000+300n-1= 3 000+300n-300= 300n+2 700

b) Vi har at 2017 er år 1, det betyr at 2022 er år 6. Vi må først finne a6 for så å finne S6:

a6 = 300·6+2 700= 4 500S6 = 6·a1+a62= 6·3 000+4 5002= 3·7 500= 22 500

Forhandlaren sel altså 22 500 syklar i denne perioden.

c) Vi set uttrykket for an lik 3 900 og løyser likninga for n:

300n+2 700 = 3 900300n = 1 200n = 4

Vi ser at forhandlaren sel 3 900 syklar årleg i år 4, altså i 2020.

d) Vi må bruke det vi veit om formelen for summen og formelen for ledd nummer n:

an = 2 700+300nSn = n·a1+an232 400 = n·3 000+2 700+300n264 800 = 5 700n+300n2 

Vi løyser likninga i GeoGebra og får to løysingar (sjå neste løysingsboks for detaljar), n=-27 og n=8.

Sidan n må vere positiv, kan vi berre bruke den eine løysinga, og vi finn at forhandlaren har selt 32 400 syklar etter 8 år, altså i år 2024.

1.1 i CAS

Løysing

Her viser vi berre CAS-vindauget, forklaringane finn du i løysingsboksen over.

1.2

Løysing

a) Vi kan gjere dette på fleire måtar. Vi vel å observere at for kvart tal blir det lagt på ei rad med ein prikk meir enn den lengste rada i det førre talet. Det vil seie at

T5=T4+5=10+5=15

og

T6=T5+6=15+6=21

b) Vi observerer at vi i begge tilfella over legg til ei rad med like mange prikkar som nummeret på talet i følga. Vi har altså ein rekursiv formel som er slik:

an=an-1+n

c) Vi viser to ulike løysingar.

Regresjon i GeoGebra:

Vi legg inn tala vi kjenner, i reknearket, og vi vel polynomregresjon, grad 2:

Tal nummer123456
Trekanttala136101521

Dette gir oss modellen fx=0,5x2+0,5x, altså er ein eksplisitt formel for trekanttala

Tn=0,5n2+0,5n

Legg merke til at ved bruk av denne metoden er det viktig å vere nøye på å sjekke at modellen faktisk passar akkurat!

Ved rekning:

Vi teiknar ein figur der vi slår saman to like trekanttal og får rektangel som har høgde lik høgda på trekanttalet og lengde som er ei eining lengre enn høgda:

Vi ser at vi kan finne talet på prikkar i desse firkantane ved å multiplisere n med n+1. Dersom vi så deler på 2, får vi talet på prikkar i halve figuren, som altså er trekanttala:

Tn=n·n+12=n2+n2

1.3

Løysing

a) Vi må først legge inn variablar for trekanttala som skal leggast saman, og for summen av trekanttala. Så må vi ha ein variabel for kor mange trekanttal vi skal legge saman, denne kan vi hente inn frå brukaren. Så lagar vi ei lykkje der vi legg til så mange trekanttal vi skal ha. Til sist skriv vi ut summen.

b) Programmet:

python
1T = 1
2S = 1
3n = int(input("Kor mange trekanttal vil du summere?"))
4
5for i in range(1,n):
6    T = T + i+1
7    S = S + T
8    
9print(f"Summen av dei {n} første trekanttala er {S}.")

1.4

Løysing

a) Vi har at rekka konvergerer dersom -1<k<1. Vi finn k og konvergensområdet:

k=a2a1=ex1=ex

Sidan ex0 for alle x, kan vi sjå på ulikskapen ex<1:

ex < 1ln ex < ln 1x < 0

Konvergensområdet er x<0.

b) Vi finn først eit uttrykk for summen ved hjelp av formelen for summen av konvergente geometriske rekker:

S = a11-k= 11-ex

For å finne den største verdien må vi sjå på grenseverdien til uttrykket når x0-:

limx0-11-ex=11-1=

Vi ser at uttrykket ikkje har nokon grenseverdi, altså kan summen av rekka bli uendeleg stor.

Hugs at innanfor konvergensområdet vil kvar x likevel gi ein bestemd sum.

1.5

Løysing

a)

  1. Vi legg merke til at talet under brøkstreken aukar med 2 for kvart ledd, og vi får

    12+14+16+18+110+112

  2. Vi legg merke til at nemnarane er det dobbelte av nummeret til talet i rekka, det vil seie at vi har ein eksplisitt formel slik: an=12n

  3. an-an-1 = 12n-12n-1an = an-1+1·n-12nn-1-1·n2nn-1= an-1+n-1-n2nn-1= an-1-12n2-2n

b)

  1. Vi legg merke til at nemnarane er kvadrattal. Vi får dermed

    1+14+19+116+125+136+149

  2. Sidan nemnarane er kvadrattal, får vi følgande eksplisitte formel: an=1n2

  3. an-an-1 = 1n2-1n-12an = an-1+1·n-12n2n-12-1·n2n2n-12= an-1+n2-2n+1-n2n2n2-2n+1= an-1-2n-1n4-2n3+n2

c)

  1. Vi legg merke til at både teljar og nemnar aukar med 1 for kvart ledd:

    23+34+45+56+67+78

  2. Vi legg merke til at teljaren i kvart ledd er lik n+1, mens teljaren er lik n+2. Vi får at
    an=n+1n+2.

  3. an-an-1 = n+1n+2-n-1+1n-1+2an = an-1+n+1n+2-nn+1= an-1+n+12n+2n+1-n·n+2n+1n+2= an-1+n2+2n+1-n2-2nn2+3n+2= an-1+1n2+3n+2

d)

  1. Vi legg merke til at kvart ledd er lik kvadratrota av det neste talet i rekka:

    1+2+3+4+5+6

  2. Vi ser at kvart ledd er kvadratrota til nummeret til leddet i rekka:

    an=n

  3. an-an-1 = n-n-1an = an-1+n-n-1

1.6

Løysing

Tabellen viser utsleppa i dei seks aktuelle åra.

År

1

2

3

4

5

6

Utslepp i tonn

1000

1000·k

1000·k2

1000·k3

1000·k4

1000·k5


Summen av utsleppa dannar ei geometrisk rekke der

a1=1 000, k=1-p100  og  n=6 .

Vi løyser i CAS:

Vi ser at bedrifta må redusere utsleppa sine med 7,35 prosent i året for å nå målet om 5 000 tonn på dei neste seks åra.

1.7

Løysing

a) Vi ser først på rentebeløpa. Her ser vi at a1=10 000. Vi ser at renta søkk med 500 kroner per år, altså har vi ei aritmetisk rekke der d=-500. Vi får då at renta i år n er gitt ved

an = 10 000 -500(n-1)= 10 000-500n+500= 10 500-500n 

Når det gjeld terminbeløpa, er forskjellen den same: Beløpet søkk med 500 kroner per år. Vi får ei aritmetisk rekke med a1=20 000 og d=-500:

an = 20 000-500n-1= 20 000-500n+500= 20 500-500n

b) Vi bruker rekka som beskriv terminbeløpa, og finn summen av dei 20 første ledda:

Vi ser at vi må betale tilbake til saman 305 000 kroner dersom vi tek opp dette lånet.

c) Forslag til program:

python
1lånebeløp = int(input("Kor stort beløp skal du låne?"))
2    #hentar inn lånebeløpet
3rente = float(input("Kor mange prosent er den årlege renta på?"))
4    #hentar inn renta
5terminar = int(input("Kor mange terminar skal du ha?"))
6    #hentar inn talet på terminar
7
8
9avdrag = int(lånebeløp/terminar)          #reknar ut avdraget
10År = ["År"]                               #lagar ei liste for år nummer
11Terminbeløp=["Terminbeløp"]               #lagar liste for terminbeløpa
12Rente = ["Rente per termin"]              #lagar liste for rentebeløpa
13Totalbeløp = ["Totalt betalt inn til no"] #lagar ei liste for samla innbetaling til no
14Totalrente = ["Total rente til no"]       #lagar ei liste for total rente til no
15
16for i in range(terminar+1):             #lagar ei lykkje med lengda til talet på terminar
17    År.append(i+1)                      #legg til eit år for kvar gong lykkja blir køyrd
18    Terminbeløp.append(int(avdrag +lånebeløp*(rente/100)))
19                                        #finn terminbeløpa og legg dei i lista
20    Rente.append(int(lånebeløp*(rente/100)))
21    if i == 0:
22        Totalbeløp.append(Terminbeløp[1])
23        Totalrente.append(int(lånebeløp*(rente/100)))
24    else:
25        Totalbeløp.append(Totalbeløp[i]+Terminbeløp[i+1])
26        Totalrente.append(Totalbeløp[i+1]-avdrag*(i+1))
27    lånebeløp = lånebeløp-avdrag
28                                #legg saman nytt terminbeløp og tidlegare totalbeløp
29                                #finn total rente til no ved å trekke avdraga frå
30                                #totalbeløpa
31    
32for i in range(terminar+1):
33    print(f"{År[i]:<4}{Terminbeløp[i]:<12}{Rente[i]:<20}{Totalrente[i]:<20}{Totalbeløp[i]:<15}")
34                                #skriv ut alle utrekningane
35

1.8

Løysing

a) Vi finn k og undersøker når -1<k<1:

k=a2a1=4lgx2=2lgx

Konvergensområdet:

-1<2lgx<1-12<lgx<1210-12<10lgx<1012110<x<10

Vi finn eit uttrykk for summen:

S = a11-k = 21-2lgx

b) k=a2a1=2x24x=x2

-1<x2<1-2<x<2

Konvergensområdet er -2<x<2.

Summen:

S = a11-k= 4x1-x2= 4x·21·2-x·22= 8x2-x

c) k=a2a1=2x1=2x

Vi skal ha at -1<2x<1. Sidan 2x>0 for alle x, kan vi berre sjå på 2x<1:

2x < 1lg2x < lg1x·lg2 < 0x < 0

Konvergensområdet blir x<0.

Summen:

S=a11-k=11-2x

d) k=a2a1=1lnx21lnx=1lnx2·lnx1=1lnx

Vi må løyse den følgande ulikskapen:

-1<1lnx<1

Vi deler ulikskapen i to og løyser ulikskapen til venstre først:

-1 < 1lnx0 < 1+1lnx0 < lnx+1lnx

Vi observerer at vi ikkje kan løyse ulikskapen ved å multiplisere med lnx, sidan vi ikkje kan vite om uttrykket er positivt eller negativt. Vi løyser den korresponderande likninga:

0 = lnx+1lnxlnx+1 = 0elnx = e-1x = 1e

Vi har at uttrykket lnx+1lnx kan skifte forteikn i nullpunktet og i punktet der uttrykket ikkje er definert, det vil seie nullpunktet til nemnaren:

lnx = 0x = 1

Vi sjekkar forteikna for x=1e2=e-2,x=2e og x=e:

lne-2+1lne-2=-2+1-2=-1-2=12>0

ln2e+1ln2e=ln2-lne+1ln2-lne=ln2ln2-1<0

lne+1lne=1+11=2>0

Den venstre ulikskapen er oppfylt for 0<x<1e og x>1.

Vi løyser ulikskapen til høgre:

1lnx < 11lnx-1 < 01-lnxlnx < 0

Vi gjer som i den venstre ulikskapen og finn nullpunktet til teljaren:

1-lnx = 0lnx = 1x = e

Vi undersøker for x=1e=e-1, x = 2 og x=e2.

1-lne-1lne-1=1--1-1=2-1-2<0

1-ln2ln2>0

1-lne2lne2=1-22=-12<0

Den høgre ulikskapen er dermed oppfylt for 0<x<1 og x>e. Vi ser at heile ulikskapen dermed er oppfylt for 0<x<1e og x>e som òg er konvergensområdet til rekka.

Summen:

S = a11-k =  1lnx1-1lnx= 1lnx-1

1.9

Løysing

Vi bruker formelen for summen av ei konvergerande geometrisk rekke:

a)

S = a11-k4 = 21-k41-k = 24-4k = 22 = 4kk = 12

b)

S = a11-k16 = a11-1816 = 87a1a1 = 16·78=14

1.10

Løysing

a) Sidan vi startar med eit gitt tal på smitta og kvar av dei smittar i snitt 2,4 personar, kan vi bruke ei rekke med a1= talet på smitta ved oppstart og k=2,4.

b)

an = a1·kn-1= 10·2,4n-1

c) Vi har at n står for talet på periodar på 5 dagar. Vi har òg at n=1 betyr at det har gått 0 dagar, altså er n 1 større enn talet på periodar. Dette gir at n=255+1=6.

Vi har at S6 1358, altså vil det vere cirka 1 358 menneske totalt som har vore eller er smitta etter 30 dagar.

d) 60 dagar etter dag nummer 1 har vi at n=605+1=13. Talet på smitteberande personar vil vere omtrent lik a13:

a13=10·2,412365 200

Ifølge modellen har vi cirka 365 200 smitteberande personar etter 60 dagar.

e) Her må vi først fastsetje nokre vilkår. Dei som vart smitta 50 dagar etter dag 1 (det vil seie ved n=505+1=11), er nesten friske, men tel med i det talet som kjenner seg sjuke no. Dei som vart smitta 70 dagar etter dag 1 (det vil seie ved n=705+1=15), har enno ikkje rokke å bli sjuke, så dei tel ikkje med. Vi må altså summere a11+a12+a13+a14. Vi bruker GeoGebra:

Vi ser at det ifølge denne modellen er cirka 1 457 260 personar som framleis er prega av koronaen etter 70 dagar.

f) Det vil avhenge veldig av kva slags område vi er i, om desse tala er realistisk. I Noreg finst til dømes berre éin by som i det heile har så mange innbyggarar. Sjansane for at kvar person vil halde fram med å smitte gjennomsnittleg 2,4 personar, er ikkje så stor.

Dersom området er stort, som til dømes ein millionby i India, og kontakten mellom folk er som normalt, kan det kanskje vere realistisk. Men på eit tidspunkt vil nok uansett R-talet, som vi kallar talet på menneske kvar smitta smittar vidare i snitt, gå ned.

Skal R-talet haldast oppe, må kvar smitta person treffe tilstrekkeleg mange menneske som er mottakelege for smitte, og etter kvart som ei befolkning har gått gjennom ein sjukdom, vil fleire ha opparbeidd seg ein viss immunitet.

1.11

Løysing

a) Vi har ei aritmetisk rekke med a1=30 og k=-3. Då får vi følgande formel:

an = a1+dn-1= 30-3n-1= 30-3n+3= 33-3n

b) Vi finn S4:

Sn = n·a1+a42S4 = 4·30+33-3·42= 2·51=102 

Han får 102 hummar dei første fire vekene dersom hypotesen stemmer.

1.12

Løysing

a) 4+5+6

b) Dette er ei aritmetisk rekke. Det kan vi sjå fordi forskjellen mellom etterfølgande ledd er 1. Vi har a1=4 og k=1, noko som gir følgande formel:

an = a1+dn-1= 4+1n-1= 4+n-1= n+3

c) a10 = 10+3= 13

Det er 13 røyr i den 10. rekka ovanfrå.

d)

S10 = 10·a1+a102= 5·(4+13)= 85

Det er 85 røyr til saman i dei 10 øvste radene.

e)

Sn = n·a1+an2270 = n·4+n+32

Vi løyser likninga i CAS:

Vi kan berre bruke den positive løysinga, og vi ser at det er 20 rader til saman i stabelen.

1.13

Løysing

a) Rekka er endeleg, for ho sluttar med eit tal. Ho er aritmetisk fordi vi kan sjå at ho har ein fast differanse, nemleg d=2.

b) Vi finn ut kva nummer det siste talet i rekka har:

an = a1 + 2(n-1)= 1+2n-2= 2n-1199 = 2n-1200 =2nn = 100

Det er 100 oddetal i rekka.

c)

S100=100·1+1992=100·100=10 000

d)

Vi finn først summen av alle partala som er mindre enn eller lik 200:

S100=100·2+2002=100·101

Vi har at

1+3+5+ ... +1992+4+6+ ... +200=100·100100·101=100101

1.14

Løysing

Vi får ei geometrisk rekke med a1= 5 000·1,06, k=1,06 og n=4:

S4= 23 815

Det står 23 815 kroner på kontoen 31. desember 2024.

1.15

Løysing

a) Mengda medisin per dag kan sjåast på som eit ledd i ei geometrisk rekke der a1=50 og k=0,95. Vi finn a8:

an = 50·0,95n-1a8 = 50·0,957=34,9234,9

Dosen den 8. dagen er cirka 34,9 mg.

b) Vi finn S8:

S8 = a1·k8-1k-1= 50·0,958-10,95-1= 336,5 337

Kuren er på til saman cirka 337 mg.

1.16

Løysing

a) Beløpet forrentar seg 10 gonger, og vi får

875 000·1,02510=1 120 073,9 1 120 074

Ho har cirka 1 120 074 kroner på konto 1. januar 2016 med dette tilbodet.

b) Det andre tilbodet må vi rekne ut ved hjelp av ei geometrisk rekke der a1=100 000·1,025, k=1,025 og n=10:

Vi ser at via dette tilbodet sit ho med cirka 1 148 347 kroner på konto 1. januar 2016. Det er altså tilbod 2 som er best.

c) Vi set vekstfaktoren lik x og set dei to uttrykka lik kvarandre:

Vi ser at vekstfaktoren må vere 1,031, altså ei rente på 3,1 prosent, dersom dei to tilboda skal vere like gode.

d) Eva har altså 1 120 074 kroner på konto 1. januar 2016. Ho skal ta ut eit fast beløp kvar månad. Vi kjenner ikkje beløpet, så vi kallar det x. Vi ser for oss at vi reknar ut noverdiane til beløpa ho skal ta ut. Det første beløpet rekk ikkje å forrente seg i det heile, såg a1 = x. Ho skal ha ti beløp, så n=10. Sidan vi reknar om verdiane til noverdiar, er k=11,025. Summen av dei ti beløpa må svare til 1 120 074 kroner. Det gir følgande likning og løysing i GeoGebra:

Vi ser at Eva kan ta ut cirka 124 857 kroner kvart år.

1.17

Løysing

a) Vi ser at kvart tal kan finnast ved å summere dei to tidlegare:

a3 = a1 + a2= 1+1 = 2

a4 = a2 + a3 = 1+2=3

b) Programmet definerer ein funksjon for å rekne ut fibonaccital. Dersom n er 0 eller 1, får vi n tilbake. 0 er ikkje med i fibonaccitala, men vi må ha det med av omsyn til utrekninga.

Denne typen funksjon i programmering kallar vi ein rekursiv funksjon, altså ein funksjon som kallar på seg sjølv. Når n er større enn eller lik 2, til dømes n=10 slik som i dette programmet, ser vi at funksjonen får Python til å rekne seg tilbake for å finne alle dei tidlegare tala i følga for å kunne finne det siste.

c) Vi observerer (med mindre du har ei svært kraftig datamaskin) at dette tek veldig lang tid. Dette er fordi at dei rekursive funksjonane må rekne ut alle dei tidlegare tala i følga på same måte for å kunne finne det neste talet. Så for kvart tal må funksjonen gå gjennom mange utrekningar.

d) Vi kan lage ei liste for fibonaccitala og legge dei inn der. Då går utrekninga av neste tal mykje raskare enn dersom kvart tal må reknast ut via funksjonen:

python
1Fib=[0,1] 
2  #lagar ei liste for fibonaccitala, legg inn 0 og 1
3for i in range (2,100): 
4  #Vi lagar ei lykkje for å legge fibonaccital inn i lista
5    Fib.append(Fib[i-2]+Fib[i-1]) 
6  #legg til summen av dei to førre tala 
7
8print(Fib[40]) 
9  #printar fibonaccital nummer 40

1.18

Løysing

a) Dersom kroppen bryt ned 60 prosent av virkestoffet per døgn, har vi at vekstfaktoren er 1-60100=0,4. Vi kan sjå på mengda virkestoff i kroppen kvar dag rett etter inntak av ein tablett som summen av ei uendeleg geometrisk rekke der a1=20 og k=0,4.

Vi får då at mengda virkestoff i kroppen over tid blir

S = a11-k= 201-0,4= 200,633,3

Dermed vil konsentrasjonen av virkestoffet i kroppen bli for høg, og medisineringa er ikkje trygg.

b) Vi reknar på same måte, her får vi at a1=10:

S = a11-k= 101-0,4= 100,616,67

Sidan det aldri vil vere meir enn 16,67 mg av virkestoffet i kroppen, er denne medisineringa trygg for pasienten.

c) Vi set a1=x og løyser i GeoGebra:

Vi ser at dersom vi gir 18 mg virkestoff kvar dag, vil summen av rekka konvergere mot 30. Det betyr at det antakeleg vil gå greitt å bruke denne mengda virkestoff dagleg, sidan det aldri vil bli meir enn 30 mg i kroppen.

CC BY-SA 4.0Skrive av Tove Annette Holter, Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 15.09.2022