Leddsetningar med adverbial
Desse fagomgrepa blir brukte i teksten:
- Adverbial
- Adverbial seier noko om når noko skjer (på måndag), kvar noko skjer (i stova), eller korleis noko skjer (Ho spring "fort"). I denne siste setninga er "fort" adverbial.
- Stadsadverbial
- Stadsadverbial er eit adverbial som fortel om kvar noko skjer. I setninga "Ho sit i stova" er "i stova" stadsadverbial.
- Tidsadverbial
- Tidsadverbial er eit adverbial som seier noko om når noko skjer. I setninga "Ho joggar kvar måndag" er "kvar måndag" tidsadverbial.
- Måtesadverbial
- Måtesadverbial er eit adverbial som seier noko om korleis noko skjer. I setninga "Han les sakte" er "sakte" måtesadverbial.
- Preposisjon
- Preposisjon er ein ordklasse med små ord som du ikkje kan bøye. Ofte seier dei noko om kvar noko er. I uttrykket "Under bordet" er "under" preposisjon, i uttrykket "ved sida av hunden" er "ved sida av" preposisjon, og i uttrykket "oppå bordet" er "oppå" preposisjon.
Dette er ein del av ein læringssti om leddsetningar. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til artikkelen "Kva er ei leddsetning?"
Først skal vi sjå på kvar adverbialet skal stå. Vi har desse tre vanlege adverbiala:
Tidsadverbial
Tidsadverbial seier noko om når noko skjer. Veldig ofte startar tidadverbialet med ein preposisjon:
I setninga "Sidan barnet mitt er sjukt i dag, må eg bli heime" er "i dag" tidsadverbial.
I setninga "Eg liker når sola går ned om kvelden" er "om kvelden" tidsadverbial.
Tidsadverbialet skal alltid stå sist i leddsetninga.
Stadsadverbial
Stadsadverbial seier noko om kvar noko skjer. Til liks med tidsadverbiala startar òg stadsadverbiala stort sett med ein preposisjon:
I setninga "Viss du ser i skapet, finn du koppane" er "i skapet" stadsadverbial.
I setninga "Då han reiste til Oslo, tok han bussen" er "til Oslo" stadsadverbial.
Måtesadverbial
Måtesadverbial fortel korleis noko skjer:
I setninga "Viss ho les fort, blir ho ferdig med leksene" er "fort" måtesadverbial.
I setninga "Ho synest at han syng vakkert" er "vakkert" måtesadverbial.
I setninga "Når hunden lograr ivrig, er han glad" er "ivrig" måtesadverbial.
Også måtesadverbialet står til slutt i leddsetninga.
Ei leddsetning kan ha fleire adverbial. Sjå berre her:
I setninga "Ho synest at han syng vakkert i koret kvar måndag" er orda "vakkert i koret kvar måndag" alle adverbial.
I setninga "Ho reiser med toget til Oslo i morgon" er orda "med toget til Oslo i morgon" alle adverbial.
Som vist under pleier adverbiala å stå i leddsetningar når det er fleire av dei:
Måtesadverbialet står etter verbalet:
I setninga "Ho synest at han syng vakkert i koret kvar måndag" er "vakkert" måtesadverbial og står etter verbalet "syng".
Stadsadverbialet står nest sist:
I setninga "Ho synest at han syng vakkert i koret kvar måndag" er "i koret" stadsadverbial og står nestsist.
Tidsadverbialet står sist:
I setninga "Ho synest at han syng vakkert i koret kvar måndag" er "kvar måndag" tidsadverbial og står sist.
Ein forskjell mellom leddstillinga i heilsetningar og i leddsetningar er altså at adverbialet ikkje kan flyttast rundt i leddsetningar, slik det kan i heilsetningar. I heilsetningar kan nemleg tidsadverbialet stå både først og sist i setninga, som i desse døma der "i dag" er tidadverbial:
Adam et pizza i dag.
I dag et Adam pizza.
Visuell forklaring
Vi kan òg vise ordstillinga i heilsetningar på denne måten:
Gå vidare i læringsstien for å øve deg på å lage leddsetningar med adverbial.