Øv på refleksivt pronomen og verb
Lær meir om kva refleksivt pronomen er, og korleis du bruker det saman med verb.
Oppgåve 1. Set om til førstespråket ditt
Set om setningane under til førstespråket ditt:
Eg vaskar meg kvar morgon.
Han forsøv seg ofte.
Vi gler oss til sommaren.
Legg merke til orda meg, seg og oss. Korleis set om du nettopp desse orda til førstespråket ditt?
Diskuter med ein annan elev i klassen: Kva ordklasse trur de desse orda høyrer til på norsk, og kva funksjon meiner de dei har i setninga?
Diskuter med ein annan elev: Har de refleksivt pronomen i førstespråka dykkar, slikt norsk har?
Oppgåve 2. Kva viser pronomenet tilbake til?
Oppgåve 3. Skriv inn rett refleksivt pronomen
Oppgåve 4. Fyll inn verb og refleksiv form
Oppgåve 5. Lag ei gloseliste
Lag ei liste for deg sjølv over alle verba med refleksiv form du har lært mens du har lese fagartikkelen og gjort oppgåvene på denne sida. Lag døme på norsk og set om til førstespråket ditt.
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 09.08.2024