Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Substantivfraser

Substantivfrasar med etterstilt bestemmar

På norsk er det vanleg å lage substantivfrasar som "Det er sonen min" og "Det er huset til pappa". Då seier vi at frasane har etterstilt bestemmar. Men kva er det, og korleis lagar du det?

Dette er fjerde trinn i ein læringssti om substantivfrasar. Gå til fagartikkelen "Å skrive substantivfrasar" for å lære meir om substantivfrasar i bestemd og ubestemd form.

Før du les

Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Frase
Ein frase er eit ord eller fleire ord som høyrer saman: I setninga Den gamle mannen går til stranda er det tre frasar: "Den gamle mannen", "går" og "til stranda".
Kjerne
Kjernen i ein frase er det viktigaste ordet. I setninga Den vesle jenta er på kino er "jenta" kjernen i substantivfrasen "den vesle jenta", mens "kino" er kjernen i preposisjonsfrasen "på kino".
Substantivfrase
Ein substantivfrase er ein frase som har eit substantiv som det viktigaste ordet. I frasen "den gamle mannen" er substantivet "mann" kjerne.
Preposisjonsfrase
Ein preposisjonsfrase er eit eller fleire ord der preposisjonen er kjernen, altså det viktigaste ordet. Døme på preposisjonsfrasar er "til mannen" i setninga Bilen til mannen er grøn og "på kino" i setninga Vi skal på kino.
Bestemmar
Ein bestemmar er ein del av ein substantivfrase som fortel kor mange det er av substantivet. "Ein", "fleire" og "alle" er døme på bestemmarar: Eg ser ein gut og fleire jenter. Alle speler fotball. Bestemmarar kan òg fortelje kven som eig noko: Det er min bil.
Samsvarsbøying
Samsvarsbøying betyr at ord som høyrer saman, skal stå i same form. Eit døme på samsvarsbøying er "ein liten gut" og "den vesle guten". I den første frasen står adjektivet i ubestemd form (liten) sidan substantivet (gut) gjer det. I den andre frasen står både adjektivet (vesle) og substantivet (guten) i bestemd form.

Kva er ein bestemmar?

Ein bestemmar er ord som står saman med og fortel kor mange det er av noko, eller kven som eig noko:

Kor mange det er av noko:

  • Eg har ein katt.

  • Vi har fleire kattar.

  • Alle kattane er heime no.

I desse setningane er "ein", "fleire" og "alle" bestemmarar. Dei høyrer til ordklassen . Veldig ofte er bestemmarar determinativ, eller bestemmarord, som vi òg kan kalle dei.

Kven som eig noko:

  • Det er mi veske.

  • Nei, veska di er der borte. Det er veska mi.

I desse setningane er "mi" og "di" bestemmarar. Også desse høyrer til ordklassen determinativ.

Bestemmarar før og etter substantivet

På norsk kan bestemmerar stå både framfor og etter substantivet i ein substantivfrase. I frasen "Den snille guten min" har kjernen, guten, ein bestemmar framfor, den, og ein bestemmer bak, min.

Eigedomsord

Eigedomsord er døme på bestemmerar som kan stå både framfor og bak substantivet. Sjå på "hans" og "hennar" i desse to setningane:

  • Det er hennar bok, men det er hans blad.

  • Det er boka hennar, men det er bladet hans.

Som du ser, kan du på norsk ha bestemmaren "hennar" og "hans" både før og etter substantivet, her "bok" og "blad".

Forskjell på bokmål og nynorsk

Ein forskjell på bokmål og nynorsk er at vi på nynorsk som oftast set eigedomspronomen bak substantivet. Vi bruker berre eigedomspronomenet framfor substantivet om vi vil legge trykk på det, til dømes om det viktigaste er å fortelje at det var hennar bok, ikkje hans.

Bestemt eller ubestemt form?

Legg merke til at når eigedomsordet står framfor substantivet, skal substantivet stå i ubestemt form: "hennar bok_" og "hans blad_". Når bestemmaren står etter substantivet, skal det stå i bestemt form: "boka hennar" og "bladet hans".

Samsvarsbøying

I substantivfrasen skal du bruke samsvarsbøying. Det betyr at du skal bøye orda i substantivfrasen i kjønn og tal. Det er substantivet (kjernen) som bestemmer kva form bestemmaren (eigedomsordet) skal ha:

  • Det er guten min. (hankjønn eintal)

  • Det er jenta mi. (hokjønn eintal)

  • Det er huset mitt. (inkjekjønn eintal)

  • Det er skoa mine. (fleirtal)

Sin, sitt og sine

Determinativen sin blir òg brukt som etterstilt bestemmar når vi fortel at nokon eig noko. Vi bøyer sin i kjønn og tal.

  • Det er dama si veske.

  • Det er dama sin bil.

  • Det er dama sine sko.

I desse setningane viser sin tilbake på det som er objektet i setninga, altså "dama". Det fortel at dama eig noko. I den første setninga står det si fordi "veske" er hokjønn, i den andre står det sin fordi bil er hankjønn, mens det i den siste setninga står sine fordi "sko" er fleirtal.

Du bøyer altså sin etter substantivet det står framfor.

Preposisjonsfrase som bestemmar

Det etterstilte bestemmarleddet kan òg vere ein . Vi bruker ofte preposisjonen til etter kjernen (substantivet) for å fortelje om eigedomsforhold:

  • Huset til onkel er stort.

  • Onkelen til Adam bur i Oslo.

  • Eg besøkte den nye kona til pappa .

Oppsummering

Når vi snakkar om eigedom, altså at nokon eig noko, er det vanleg å bruke etterstilt bestemmar på norsk. Vi gjer det med determinativ og preposisjonsfrasar:

Determinativ:

  • Onkelen min er snill.

  • Det er guten sin sykkel.

Preposisjonsfrasar

Når vi fortel om eigedom med preposisjonsfrasar, bruker vi ofte preposisjonen til:

  • Armen til dama er brekt.

  • Hagen til Anna er veldig fin.

Gå vidare i læringsstien for å øve deg på å lage substantivfrasar med etterstilt bestemmar.

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2024