Norsk kort butid (YF) – ferdig 2025
Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.
Språket som system og mogelegheit
Språk er lydar som er sette saman for å skape meining. Vi bruker lydane til å bygge ord, og vi set saman ord til setningar etter bestemde reglar. Språket tilbyr oss òg ei mengd verktøy, slik at vi kan få sagt og skrive alt vi vil – i alle fall nesten!
Lær deg norsk
I norskfaget skal du snakke, lese, skrive og lytte til norsk. Ein god måte å bli flink til dette på er å bruke norsk så ofte du kan. Det er òg lurt å samanlikne norsk med førstespråket ditt, og finne kva som er likt og ulikt.
Å analysere setningar
Når du skal lære deg eit nytt språk, er det lurt å kunne analysere setningar. Då blir det lettare å forstå grammatikken til det nye språket. Du kan òg samanlikne språket du skal lære deg med førstespråket ditt. I dette emnet vil du lære korleis du kan analysere setningar.