Hopp til innhald
Litterære tekstar

Du som er i himmelen! (elevtekst)

Dette diktet er skrive av vg1-eleven Ingeborg Brynhildsvoll på Lillehammer videregående skole i 2023. Diktet er svar på ei norskoppgåve om språklege verkemiddel.

Litt om diktet

Ingeborg Brynhildsvoll fekk i norskoppgåve å skrive eit dikt med tydeleg bruk av eit eller fleire språklege verkemiddel. Ho valde sjølv å bruke verkemiddelet allusjon, og ho valde òg sjølv kva tekst ho ville referere til.

Pan var hunden til Ingeborg. Hunden var død då ho skreiv diktet. Ho såg for seg at hunden no sleppte alle plagene han hadde hatt mot slutten av livet. Det blei på den måten eit dikt som minte Ingeborg om alle dei fine stundene ho hadde hatt saman med den gode leikekameraten sin Pan.

Allusjonen: Tittelen "Du som er i himmelen!" og den første og siste verselinja i diktet i diktet til Brynhildsvoll får fram at hunden Pan er død. Samtidig er dette ein allusjon til bønna Fadervår. Om du ikkje kjenner til denne bønna, kan du lese om Fadervår på Store norske leksikon.

Du som er i himmelen!

Kjære Pan, du som er i himmelen!
Du som svever høyt der oppe
Danser på skyene
Løper og hopper
Mer enn du noen gang kunne gjøre her nede
Føler deg fri
Kan slippe tak
På det som en gang gjorde vondt
Kjære Pan, du som er i himmelen!

Tekst: Ingeborg Brynhildsvoll / CC BY-SA 4.0