Hopp til innhald

Forsøk

Kor super er supermaten?

Analyser og samanlikn næringsstoff i matvarer som kallast «supermat», med «vanleg» mat.

LK20
Glas med grøn drikke med blomar og grøne blad i bakgrunnen. Foto.

Føremål

I dette forsøket skal de samanlikne næringsinnhaldet i supermat med næringsinnhaldet i nokre «vanlege» matvarer.

Hypotese

Lag ein eller fleire hypotesar om supermat og næringsinnhald før de byrjar.

Del 1 - C-vitamin

I første del av forsøket skal de undersøkje C-vitamininnhaldet i ulike typar jus.

Framgangsmåte — alternativ 1

Forprøve – påvisning av C-vitamin

  1. Hell om lag 15 mL vatn i to små begerglas.
  2. Tilset konditorfarge slik at vatnet får litt farge.
  3. La ein halv C-vitamintablett bruse i litt vatn, og tilset 10 mL av denne løysninga til det eine begerglaset.
  4. Dypp ein bomullspinne i klorin, og rør om i glaset med C-vitamin.
  5. Dypp ein annan bomullspinne i klorin, og rør om i glaset utan C-vitamin.

På bakgrunn av det de observerer, korleis kan de påvise C-vitamin i ei løysning?

Framgangsmåte – alternativ 2

Løysning A – jod-løysning (bør lagast av læraren på førehand)

  1. Løys opp 0,63 g kaliumjodid (KI) og 0,035 g kaliumjodat (KIO3) i 100 mL vatn i ein 250 mL målekolbe.
  2. Tilset 0,5 mL konsentrert svovelsyre (H2SO4).
  3. Fyll opp vatn til 250 mL-merket.


Løysning B – stivelseløysning

  1. Ha 1,0 g stivelse i eit begerglas, og tilset vatn til 100 mL. Bland godt.
  2. Kok løysninga med eit urglas på toppen til ho blir homogen. Kjøl ho ned.

Løysningar med kjent C-vitamininnhald

  • Løys opp ein C-vitamintablett i 200 mL vatn.
  • Overfør henholdvis 50 mL, 25 mL og 12,5 mL av denne løysninga til kvar sitt begerglas.
  • Tilset vatn slik at alle løysningane har eit totalvolum på 100 mL.

I tabellen under har vi teke utgangspunkt i ein C-vitamintabelett med 1000 mg C-vitamin.

Prøve NR.

1

2

3

4

vatn

100 mL

75 mL

50 mL

0 mL

løysning med C-vitamin

0 mL

25 mL

50 mL

100 mL

mengd C-vitamin

0 mg

125 mg

250 mg

500 mg

kons.

0mg100 mL=0 gL

125 mg100 mL=1,25 gL

250mg100 mL=2,5 gL

500 mg100 mL=5 gL

talet på dropar jod tilsett

Mål C-vitamininnhaldet og lag standardkurve

Begerglass oppstilt på eit bord. Illustrasjon.

1. 5 mL av kvar C-vitaminprøve i kvar sitt begerglass. 2. Tilset 1 mL stivelsesløysning i kvart av glasa. 3. Tilset jodløysning dropevis.

  1. Ta ut 5 mL av kvar av prøvene 1–4, og overfør det til kvar sitt 100 mlLbegerglas.
  2. Tilsett 1 mL stivelsesløysning (løysning B) til kvart av dei.
  3. Bruk ein pipette og tilset jodløysning (løysning A) dropevis. Tel kor mange dropar de må tilsetje før de får ei fargeendring.
  4. Set inn talet på dropar i tabellen over.
  5. Lag ei kurve med konsentrasjon av C-vitamin på x-aksen og talet på dropar på y-aksen. Finn den linja som passar best til punkta. Denne kurva kan de no bruke vidare for å analysere innhaldet i løysningar der de ikkje kjenner C-vitaminkonsentrasjonen på førehand.
  6. Ta ut 5 ml av den jusen de vil undersøkje, og tilsett 1 ml stivelsesløysning.
  7. Tilset jodløysning dropevis til de får ei fargeendring.
  8. Bruk talet på dropar til å bestemme konsentrasjon av C-vitamin i jusen.
Rutenett med punkt og raud linje som viser forholdet mellom talet på dropar og C-vitaminkonsentrasjon. Grafikk.

Døme på standardkurve.

Resultat

Lag ei oversikt der de rangerer dei ulike jusane etter C-vitamininnhald.

Diskusjon og konklusjon

  1. Finn C-vitamininnhaldet i jusen på emballasjen. Korleis stemmer dette med resultata de fekk?
  2. Stemde hypotesane deira?
  3. Kor stort er dagsbehovet for C-vitamin for dykk? Kor mykje av dei ulike jusane må de drikke for å få dekt dette behovet?
  4. I forsøket skjer det ei fargeendring fordi C-vitamin oksiderer eit anna stoff. Kvifor kallar vi då C-vitamin for ein antioksidant?

Del 2 – protein i frø

I denne delen skal de samanlikne proteininnhaldet i linfrø og chiafrø.

Framgangsmåte

  1. Veg opp 0,5 g med chiafrø og 0,5 g med linfrø.
  2. Knus frøa i ein mortar.
  3. Overfør dei knuste frøa til kvart sitt reagensglas, og tilset 5 mL vatn.
  4. Set ein kork i opninga og rist godt.
  5. Hell 5 mL med mjølk i eit tredje reagensrøyr og 5 mL destillert vatn i eit fjerde reagensrøyr.
  6. Tilset 10 dropar kopar(II)sulfatløysning til kvart av dei fire reagensrøyra.
  7. Bruk ein pipette og tilset 1 mL NaOH til kvart reagensrøyr.
  8. Sett på korkane og risa røyra godt.
  9. Observer fargeendringar.

Resultat

Ta bilete av reagensrøyra, og vurder proteininnhaldet i dei ulike prøvene.

Konklusjon og diskusjon

  • Stemde hypotesane deira?
  • Finn proteininnhaldet i matvarene på emballasjen. Korleis stemmer dette med resultata de fekk?
  • Kor stort er dagsbehovet for protein for dykk? Kor mykje av dei ulike matvarene må de få i dykk for å få dekt dette behovet?
  • Bruk resultata de har komme fram til og vurdér i kva grad nemninga "supermat" er dekkande for desse matvarene.

Kjelder

Bungum, B. og van Marion, P. 2014. SL-serien: Utforskande aktivitetar i naturfag. Henta 27. januar frå SL-serien: Utforskande aktivitetar i naturfag.

Lund, B. og Olufsen, M. 2015). Skulelaboratoriet i realfag og teknologi: Bestemmelse C-vitaminnhold i frukt og jus. Henta 28. januar 2020 frå Skolelaboratoriet i realfag og teknologi: Bestemmelse C-vitaminnhold i frukt og jus.

Science in School. (2020, 9. januar). Are superfoods really so super? Henta frå Are superfoods really so super?

Sist oppdatert 27.01.2020
Skrive av Thomas Bedin
Rettshavar: Science in School

Læringsressursar

Livsstilsløgner