Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Fagstoff

Korleis påverkar porno oss?

Fleire ungdommar ser mykje på porno. Det er ikkje så tabu som for 20 år sidan. Somme ser aleine, og somme ser saman med jamaldra. Kva verkemiddel blir brukte for å fange tilskodarane, og korleis kan vi bli påverka av pornotrendar? På kva måte kan porno påverke haldningane våre og seksuallivet vårt?
Ei kvinne i undertøyet sit oppå ein mann som løyser brysthaldaren hennar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor kan porno verke opphissande?

Hjernen til oss menneske er laga slik at vi kan bli påverka av å sjå eller høyre kjenslene til kvarandre. Det er dei såkalla spegelnevronane i hjernen vår som gjer at vi nesten speglar eller kjenner dei same kjenslene som andre. Du har kanskje merka at du kan få tårer eller klump i halsen når du ser eller høyrer andre gråte. Då er det spegelnevronane som verkar. Det same kan skje når du ser filmar med seksuelt innhald.

Ser du ein scene der ein person stimulerer kjønnsorganet sitt, kan spegelnevronar reagere og sende signal til ditt eige kjønnsorgan. Somme kan då kjenne varme og ereksjon i kjønnsorganet, mens andre ikkje kjenner nokon ting. Viss du har lært at det er umoralsk å sjå på porno, kan den tanken nærast sløkkje verknaden av spegelnevronane.

Det vanlegaste verkemiddelet til pornoen

Sidan porno ikkje er undervisning, men laga for å setje dei seksuelle kjenslene til tilskodarane i sving, kjem porno i kategorien underhaldning. I underhaldningsbransjen blir det brukt mange og kraftige verkemiddel for å påverke kjenslene til tilskodarane.

Eit av dei vanlegaste verkemidla til pornoen er å vise filmscener som inneheld aggresjon. Dette blir gjort fordi vi menneske ofte reagerer på slike inntrykk med å få auka puls. Viss pulsen stig, kan tilskodarane av porno få inntrykk av at dei blir endå meir kåte, men det er adrenalinkicket som får pulsen opp. Vi menneske er skapte slik at vi skal bli meir vakne og på vakt når vi ser aggresjon rundt oss. Det er ein nedarva reaksjon frå evolusjonen som er meint å vekkje oss og hjelpe oss å springe bort frå farlege situasjonar.

Er analsex godt?

Forsking viser at porno kan påverke seksuallivet til ungdommar. Somme ungdommar trur dei kan lære av porno og gjer forsøk på sjølv å prøve ut det dei har sett i pornofilmar. Eit døme på det er den aukande interessa for å penetrere jenter analt.

Porno kan gi feil bilete på kva som er vanleg og tilfredsstillande seksuelle aktivitetar. Jenter har ikkje klitoris eller liknande i endetarmen. Gutar, derimot, har prostatakjertel i endetarmen, og den kan utløyse nytelse. Porno kan gi inntrykk av at analsex med kvinner er ein vanleg aktivitet, men det er ikkje sant.

Viss du hermar frå pornofilmar, så hermar du på mange måtar berre eit skodespel. Porno bruker sterke verkemiddel for å selje og lagar ofte filmen ekstra uvanleg fordi det “sensasjonelle” kan tiltrekkje seg tilskodarar.

Ung mann les på mobilen mens han sit på do. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Porno-impotens

Det er ikkje uvanleg at nokon etter mange timar med lovleg porno, søkjer etter ekstrem og ulovleg porno, fordi dei ikkje lenger blir kåte av å sjå på vanlege samleiescener. Både norsk og utanlandsk forsking fortel at “porno-impotens” har blitt eit omgrep. Det betyr at ein person ikkje klarer å bli seksuelt opphissa utan porno.

Viss nokon ikkje blir seksuelt opphissa under ein ekte seksuell aktivitet, kan løysinga vere at dei tek seg ein lang pause frå å sjå porno, eller sluttar heilt å sjå porno. Desse tiltaka kan hjelpe kroppen og hjernen til å bli mottakeleg for ekte berøringar og inntrykk. Jo meir vi er kopla på eigne sansar, kjensler og fantasiar, jo større er sjansen for å bli seksuelt opphissa, sjølv av dei minste berøringane, i det verkelege livet.

Kan eg bli avhengig av porno?

Ein svensk studie om pornoforbruket til 477 ungdommar viser at ein av ti 16-åringar såg porno kvar dag, men nesten kvar tredje hadde eit ønske om å bruke mindre tid på porno. Enkelte ungdommar oppsøkjer hjelp for å slutte å sjå porno.

Avhengnad er eit resultat av erfaring som blir repetert og påskjønt med sterke kjensler. Påskjøningssenteret i hjernen utløyser kjemiske stoff som liknar på dop eller rusmiddel. Ser du ofte på porno, onanerer deg til orgasme og gjentek dette ritualet, er det ein risiko for å bli hekta eller avhengig. Bruker du mykje tid på porno, som stel tid frå studium og det sosiale livet ditt? Då kan du oppsøkje hjelp hos mellom anna psykologar og helsestasjonar for ungdom.

Kva for positive og negative sider har porno? Ung.no har laga ein kortfilm med sexolog Siv Gamnes om dette spørsmålet:

Porno – hva er bra og dårlig med det? (ung.no)

Kan eg bli valdeleg av å sjå porno?

Forsking viser at det er ein samanheng mellom høgt pornoforbruk og aksept for seksuell vald. Har tilskodaren negative haldningar til kvinner i tillegg til seksuell aggresjon, kan bruk av porno auke risikoen for seksuell vald mot andre.

Ifølgje norske styresmakter går all kriminalitet ned, bortsett frå seksuallovbrot. Det er ein auke av meldingar om valdtekt, blotting, kikking, seksuell trakassering og stalking i Noreg. Også meldingar om seksuelle overgrep mot barn og internettrelaterte overgrep aukar. Det er likevel slik at det i hovudsak er personar som allereie har valdelege tendensar eller kvinnefiendtlige haldningar, som lettast kan bli påverka av porno til å bli meir valdelege.

Gutt bakfra foran datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kan eg bli straffa av å sjå på porno?

Ein person under 18 år blir ikkje straffa av å sjå på lovleg porno på internett. Men det er ikkje lov å tvinge andre til å sjå på porno eller vise porno til personar under 16 år. Dei som sel eller distribuerer porno til personar under 18 år, bryt norsk lov og kan bli straffa.

Viss nokre elevar i vidaregåande skule deler egenproduserte filmar med seksuelt innhald av seg sjølv eller andre under 18 år, så er det straffbart. Er det i tillegg filma utan samtykke, så er det gjort endå eit lovbrot.

Er du over kriminell lågalder, det vil seie 15 år og eldre, kan du bli straffa for å sjå og oppbevare porno som er ulovleg i Noreg.

Påverknaden frå porno

Viss du har fått mykje riktig kunnskap om seksualitet frå andre seriøse kjelder, blir du vanlegvis ikkje negativt påverka av porno. Forsking viser at særleg barn og ungdom kan bli påverka av trendar og seksuell praksis frå porno.

Spørjeundersøkingar viser at personar som bruker mange timar på å sjå på porno, oftare rettferdiggjer seksuell dominans og er mindre kjenslevare for andre sine lidingar. Har tilskodaren lært lite om å vere omsynsfull og respektfull, kan pornobruk auke risikoen for seksuelle lovbrot. Skal vi bli gode til å tilfredsstille andre seksuelt, og få eit sunt og ekte seksualliv, er løysinga å vere mest mogleg merksam på andre sine reaksjonar og kjensler.

Relatert innhald

Kva er porno? Det finst ulike trendar innan porno og både lovleg og ulovleg pornografi.

Kjelder

Berggrav, S. (2020). ET SKADA BILDE AV HVORDAN SEX ER: Ungdoms perspektiv på porno. (Redd Barna, mai 2020). Medietilsynet. Henta https://www.medietilsynet.no/globalassets/dokumenter/rapporter/200526_redd_barna_rapport_porno.PDF

Dahlback, M. L. (2021, 12. april). Uvisst hvor lenge norske ungdommer ser på porno før de har sex for første gang. (Sist oppdatert 17. juni 2021). Henta frå https://www.faktisk.no/artikler/z8623/uvisst-hvor-lenge-norske-ungdommer-ser-pa-porno-for-de-har-sex-for-forste-gang

Medietilsynet (2020). BARN OG MEDIUM 2020: Ungdoms erfaring med porno på nett. (Delrapport 5 Mai 2020). Henta frå https://www.medietilsynet.no/globalassets/publikasjoner/barn-og-medier-undersokelser/2020/200526-delrapport-5-ungdoms-erfaring-med-porno-pa-nett_barn-og-medier-2020_.PDF

NRK (2020, 26. mai). Medietilsynet: Flere mindreårige har sett porno på nett. nrk.no Norge. Henta frå https://www.nrk.no/norge/medietilsynet_-flere-mindrearige-har-sett-porno-pa-nett-1.15029490

Peter, J. & Valkenburg, P. M. (2016). Adolescents and Pornography: A Review of 20 Years of Research. The Journal of Sex Research 53 (4–5): 509–531. https://doi.org/10.1080/00224499.2016.1143441

Østbø, S. (2020, 27. oktober). Opprørt over porno-sketsjar på NRK. VG. Rampelys. Henta frå https://www.vg.no/rampelys/i/vAAm0X/opproert-over-porno-sketsjer-paa-nrk

CC BY-SASkrive av Stine Kühle-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 07.06.2021