Påverkninga frå porno - Påverknaden frå porno - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Påverkninga frå porno

Oppgåve

Påverknaden frå porno

Vil du lykkast med dei første seksuelle erfaringane dine, kan det vere smart å lære seg fakta om nyting frå seriøse kjelder. Bruker du porno som inspirasjon og førebilete, kan du risikere å gjere noko som er lite tilfredsstillande, vondt – eller i verste fall ulovleg.

Oppgåve 1. Fakta eller fiksjon?

  1. Kva verkemiddel bruker pornofilmar for å selje meir?

  2. Kvifor er det vanleg å plassere porno i sjangeren fiksjon?

  3. På kva måtar kan porno påverke seksualiteten vår på ein negativ måte?

  4. Kvifor trur du det er meir vanleg for gutar enn jenter å sjå på porno?

Oppgåve 2. Casar om porno og påverknad

Til læraren

Klassen kan jobbe med caseoppgåvene individuelt eller i grupper. For somme elevar vil desse caseoppgåvene kunne verke støytande, og dei kan synast det er ubehageleg å jobbe med dei. Læraren bør derfor kjenne klassen godt og høyre med elevane i forkant om dei synest det er greitt å jobbe med slike konkrete forteljingar. Viss enkelte elevar ikkje ønskjer å delta, bør dei få moglegheit til å la vere eller gjere alternative oppgåver.

Relatert innhald

Fagstoff
Porno

Kva er porno? Det finst ulike trendar innan porno og både lovleg og ulovleg pornografi.

Fagstoff
Korleis påverkar porno oss?

Fleire ungdommar ser mykje på porno. Korleis kan porno påverke haldningane våre og seksuallivet vårt?

Skrive av Stine Kühle-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2021