Mange ungdommar ser porno. Porno kan i stor grad vere med på å forme synet vårt på seksualitet, men det blir sjeldan snakka om i klasserommet. I denne læringsstien skal du
- reflektere over korleis vi kan snakke om porno og seksualitet i klasserommet
- få kunnskap om kva porno er, og korleis han kan påverke synet vårt på seksualitet
- reflektere over korleis pornoen kan påverke seksualiteten vår, og kva vi kan gjere for å motverke det
- få kunnskap om og reflektere over korleis porno påverkar kulturen og samfunnet
- lage ein haldningskampanje om porno
Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i fleire fag, men kan eigne seg spesielt godt i samfunnskunnskap, norsk, mediefag, kommunikasjon og kultur og i helse- og oppvekstfag.