Hopp til innhald

Fagstoff

Heteronormen

Kva normer påverkar synet vi har på seksualitet og samliv? Heteronormen er eit omgrep som beskriv tradisjonelle normer der vi ser på det heteroseksuelle parforholdet som idealet.
Lykkeleg tenåringsgut ser på kjærasten sin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Normer om seksualitet og samliv

Kva vi tenkjer om seksualitet og samliv, blir i stor grad påverka av normene og reglane i dei felleskapa vi er ein del av. Normer er forventningar til korleis vi skal oppføre oss. Tidlegare var det til dømes ei forventning om at du måtte gifte deg med kjærasten din før de flytta saman. I dag har denne norma endra seg, og dei fleste par er sambuarar før dei giftar seg.

Viss du følgjer normene i samfunnet, blir du ofte møtt med positive reaksjonar. Du får anerkjenning, ros og positive tilbakemeldingar. Det kan også vere at du ikkje får nokon reaksjonar eller tilbakemeldingar i det heile, fordi du gjer som alle andre. Viss du derimot bryt normene, blir du ofte møtt med negative reaksjonar. Det kan vere alt frå stygge blikk til vald, utestenging eller arrestasjon. Fram til 1971 var det ulovleg å vere homofil i Noreg, og du kunne risikere å bli straffa. Framleis kan kjærastar av same kjønn bli møtt med negative blikk og kommentarar.

Tenk etter

Kvifor er det ofte ein samanheng mellom normer og diskriminering og forskjellsbehandling?

Alle religiøse trussamfunn har normer som regulerer forholdet medlemmane har til seksualitet og samliv. Fleire av desse normene er baserte på eldre skrifter og tradisjonar. I mange trussamfunn er det derfor ein diskusjon rundt haldninga til eit meir moderne syn på kjønn og seksualitet. Desse debattane – om til dømes homofilt ekteskap i Den norske kyrkja – får ofte stor mediemerksemd.

Familie som består av far, mor og to barn et frukost. Dei les papiravis og ser på nettbrett mens dei et og drikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er heteronormativitet?

Vi har lett for å ta dei vanlegaste og mest dominerande normene i samfunnet for gitt. Eit omgrep som beskriv dei tradisjonelt mest dominerande normene rundt seksualitet i samfunnet, blir kalla heteronormativitet eller heteronormen.

Ifølgje heteronormen er det heteroseksuelle parforholdet idealet i samfunnet vårt. Det betyr at det finst visse forventningar til korleis vi skal ta omsyn til seksualitet. Det blir ofte teke for gitt at vi skal bli seksuelt tiltrekte og bli saman med nokon av eit anna kjønn.

  • Norma for seksuell tiltrekking er at kvinner blir tiltrekte av menn og menn av kvinner.

  • Norma for seksuelle handlingar er samleiet mellom ei kvinne og ein mann.

Tenk sjølv kor mange filmar og seriar du har sett som nettopp dreier seg om det heteroseksuelle parforholdet. Det kan vere lett å tenkje at det ikkje er noko stort problem at media i så stor grad fokuserer på heteroseksuelle parforhold, sidan det er det mest vanlege i samfunnet rundt oss.

Ei utfordring er likevel at minoritetar som bryt med heteronormen, dels kan bli usynlege og dels kan bli sett på som noko unormalt og avvikande. Dette kan igjen føre til diskriminering og forskjellsbehandling. Det er til dømes vanleg å seie at du "kjem ut av skapet" når du seier frå om at du har ei anna seksuell orientering enn det som er forventa. Du kan med andre ord ikkje berre vere den du er, men må aktivt stå fram og bryte med den dominerande norma i samfunnet. For mange kan dette vere ei ekstra påkjenning.

Andre dominerande normer

Ved sida av heteronormen finst det andre dominerande normer om samliv i samfunnet vårt. To slike normer er

  • mononormativitet
    som er norma om at alle berre skal ha éin partnar – i motsetning til at vi til dømes skal vere polyamorøse og ha fleire partnarar samtidig

  • amatonormativitet
    som er norma om at alle "skal" ønskje å vere i eit kjærleiksforhold – i motsetning til dei som til dømes trivst åleine og ikkje ønskjer ein kjærast

Eit homofilt par kledd til vigsel held hender. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Heteronormen og seksualitetsmangfald

I kontrast til heteronormen finn vi normer som i større grad opnar opp for eit mangfald av ulike seksuelle orienteringar og seksuelle praksisar. Det kan til dømes vere seksuelle orienteringar som at nokon er homofile, bifile, aseksuelle eller panfile. Den aukande aksepten for seksuelt mangfald er mellom anna resultatet av ein politisk kamp og ulike markeringar, som til dømes pride.

Kva for ulike seksuelle orienteringar finst det? Les meir i artikkelen "Seksuell orientering".

Fem personar ber eit banner med påskrifta "Kirken på pride". Dei går i ein parade med mange menneske. Bak vaiar regnbogeflagget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Heteronormen og religion og livssyn

Innanfor mange trus- og livssynssamfunn finn vi igjen heteronormen som eit ideal. Ifølgje fleire trussamfunn er seksualiteten noko som først og fremst høyrer heime i ekteskapet mellom ei kvinne og ein mann, og formålet med seksuelle handlingar er å få barn og føre slekta vidare. Ei viktig årsak til at masturbasjon har blitt fordømd av grupper innanfor jødedommen, kristendommen og islam, er at formålet med seksualitet først og fremst blir rekna for å vere forplantning.

Samtidig finn vi også mange døme på brot med heteronormen innanfor ulike trus- og livssynssamfunn. Vi finn mange historiske døme på homofili innanfor somme trussamfunn, frå buddhistiske munkar i Japan til muslimske samfunn i Midtausten og Asia. I buddhismen finn vi fleire døme på toleranse for homoseksualitet innanfor munkevesenet. Innanfor delar av det kinesiske samfunnet har vi fleire døme på ein aksept for sex mellom menn. I antikkens Hellas var homoseksualitet utbreidd og tett knytt til religiøse framsyningar. På midten av attenhundretalet fann mange homofile menn frå Vesten ein fristad i den muslimske verda, der dei møtte større toleranse enn i USA og Europa.

Innanfor ulike trus- og livssynssamfunn finn vi også andre typar døme på brot med dei dominerande seksualitets- og samlivsnormene i samfunnet vårt. I motsetning til norma om at vi alle berre skal ha éin partnar, har det i islam, hinduismen, jødedommen og buddhismen tidlegare eksistert tradisjonar for at menn har fleire koner. I tibetansk buddhisme og i enkelte hinduistiske trussamfunn finn vi tradisjonar for at kvinner kan ha fleire ektemenn. I motsetning til norma om at alle skal ønske å vere i kjærastforhold, er det både i kristendommen og buddhismen ideal å leve som munk og vere seksuelt avhalden.

Heteronormen og kjønn

Heteronormen handlar først og fremst om seksualitet. Det er ofte ein nær samanheng mellom normer om seksualitet og normer om kjønn. Nært knytt til heteronormen finn vi ofte cis-normen som inneber ei forventning om at vi skal identifisere oss med det kjønnet vi blei registeret som ved fødselen.

Les meir om perspektiv og normer på kjønn:

Kjelder

Almås, E., Jessen, R.S. & Berteussen, L.M. (2021, 25. mars) Heteronormativitet. I Store Norske Leksikon. https://sml.snl.no/heteronormativitet

Endsjø, D.Ø. (2009). Sex og religion. Fra jomfruball til hellig homosex. Universitetsforlaget.

Martinson, L. & Reimers, E. (Red.). (2008). Skola i normer. Gleerups.

Woodhead, L., Partridge, C. & *Kawanami, H. ( red.). (2016) Religions in the modern world. Traditions and transformation. Routledge.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 10.08.2022

Læringsressursar

Kropp og seksualitet