Introduksjon
CC BY-SA 4.0
Det finst eit stort funksjonsmangfald i samfunnet vårt. Dette mangfaldet er ikkje alltid like synleg, og dei av oss som har ei funksjonsnedsetting, kan møte ulike utfordringar.
I denne læringsstien skal du
- få kunnskap om funksjonsnorma, om funksjonsmangfald og funksjonsnedsettingar
- reflektere over normene og forventningane ungdom med funksjonsnedsettingar kan møte
- utforske kva for utfordringar og fordommar minoritetsungdommar kan stå overfor
- diskutere kva du, skulen og samfunnet kan gjere for at alle skal bli inkluderte
Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i mange ulike fag og eignar seg godt som ein introduksjon til temaet press og stress.
Læringsstien er laga i samarbeid med Unge funksjonshemmede, ein paraplyorganisasjon for 38 organisasjonar som representerer ungdom med synleg og usynleg funksjonshemming eller kronisk sjukdom.