Om bruken av kvantitativ metode i historie
Det var desse gruppene og temaa som stort sett hadde etterlate seg skriftleg materiale. Dei hadde ofte også vortne sentrale i eit land eller ei gruppe sine forteljingar om seg sjølve. Slik hadde dei vorte førstevalet for mange historikarar å skrive om.
Meir «vanlege folk», og andre sider av samfunnet enn dei politiske, hadde fått langt mindre merksemd. Dels fordi dei hadde etterlate seg færre kvalitative spor, og slik vore vanskelegare å skrive historia til. Dels var det også politiske straumdrag i Vest-Europa som inspirerte ein ny forskingsagenda. Denne ville vite meir om historia til fleire grupper i, og sider av, ulike samfunn. Slik vaks det fram historie om til dømes arbeidarar, kvinner, barn eller innvandrarar, og tema som økonomisk og sosial utvikling.
For å få innsikt i dei nye gruppene og temaa måtte historikarane vende seg til nye kjelder, og for mange vart også kvantitative metodar viktige. Desse gruppene og temaa hadde ofte ikkje etterlate seg særleg med direkte spor i form av til dømes brev eller dagbøker. Løysinga vart difor å bruke kjelder som kyrkjebøker, folketeljingar eller skattelister som berre indirekte fortel om dei nye gruppene eller temaa. Ved å arbeide vidare med desse med ulike verktøy, vart det mogleg for historikarane å hente ut ny informasjon om dei nye forskingsområda.
Statistikk var, og er, eit nyttig verktøy i det vidare arbeidet med mange av desse kjeldene. Kyrkjebøker som listar opp kva tid folk vart døypte, gifte og gravlagde, gav, med bruk av gjennomsnitt, innsikt i levealder og familiestorleik. Frå folketeljingar vart det mogleg å finne frekvensen av ulike yrke både nasjonalt og i lokalsamfunn. Rekneskapsprotokollar for institusjonar som fattighus eller fengsel avslørte kva slags, og kor mykje, mat innsette fekk. Tollprotokollar kunne vise om og korleis lokalsamfunn deltok i varehandel ved at ein rekna ut varemengder og skipstrafikk, og heldt dette opp mot nasjonale tal.
Relatert innhald
Kvantiative analysar kan gjere det mogleg å fange og anlysere større grupper eller breiare tema.
Det er ikkje problemfritt å bruke kvantitative metodar. Vi må vurdere om vi kan stole på materialet og om det er representativt.