Fellesskap og gjenreising
Eit tverrpolitisk samarbeid mot okkupasjonsmakta skapte grobotn for det såkalla Fellesprogrammet sommeren 1945. Dei politiske partia var samde om at gjenreising av landet vart første prioritet og bidrog sterkt til å dempe dei politiske motsetnadene som fanst i Noreg. Ved det første frie valet hausten 1945 vann Arbeidarpartiet fleirtal på Stortinget. Med folket i ryggen kunne Arbeidarpartiet gjennomføre gjenreising av landet.
Lydklipp: Einar Gerhardsens regjeringserklæring i Stortinget 1945 (NRK Skole 5:00).
Mange byar hadde vorte bomba under krigen, og øydeleggingar prega heile Finnmark og Nord-Troms. Praktisk talt alle hus, låvar, kyrkjer, skular, bedrifter og annan infrastruktur var øydelagde eller ute av funksjon. I statsminister Einar Gerhardsen sine eigne manuskript november 1945 kommenter han Finnmark-problema slik:
«I sin brutale enkelthet er problemene følgende: Til en befolkning på 70 000 mennesker står det igjen hus til vel 10 000 mennesker. Problemet er å skaffe hus for 60 000 mennesker.»
Men også i resten av landet var mykje øydelagt, og behovet for vedlikehald var enormt. Derfor vart oppbygging av raserte område det første målet for gjenreisinga. Gjennom konkrete planar, rasjonering av varer og prioritering skulle landet byggjast opp att, på kostnad av forbruk og luksusvarer. Det private forbruket skulle haldast nede, til fordel for gjenreising og industriutbygging. Statsministeren i Noreg, Einar Gerhardsen oppfordra folket til å «stramme inn livreima». Gjenreisinga skulle skje gjennom lån frå utlandet og inntekter frå handelsflåten.
Arbeidarpartiet gjekk inn for at staten skulle spele ei sentral rolle i utviklinga av Noreg i etterkrigstida. Målet var auka industrialisering og økonomisk vekst. I første runde vedtok Stortinget samrøystes å byggje Norsk Jernverk i Mo i Rana i 1946. Regjeringa såg på Jernverket og utviklinga av den nye industribyen Mo i Rana som utstillingsvindauget sitt for det nye Noreg, med moderne bustader, bygningar og anlegg. Målet var ein by utan klasseskilje og arbeidskonfliktar. Staten overtok dessutan halvferdige kraftverk og anlegg for aluminiumsproduksjon som tyskarane lét etter seg. I tillegg kom store tyske eigardelar i Norsk Hydro, i kjemisk og elektroteknisk industri og i treforedling. Staten gjekk også inn som eigar i ei rekkje gruveselskap.
Arbeidarpartiet la opp til å gjennomføre gjenreisinga etter blandingsøkonomiske prinsipp.
Det blandingsøkonomiske systemet i Noreg handla i første rekkje om ei statleg regulering og omfordeling av den frie marknaden. Styresmaktene lét det private næringslivet utfalde seg, men staten regulerte og prioriterte etter planar og ønske styresmaktene hadde innanfor prioriterte sektorar. I distrikta vart det gitt statsstøtte til private bedrifter. I tillegg spelte styresmaktene ei vesentleg rolle med økonomisk støtte til utbygging av nye kraftverk for å forsyne industrien med rimeleg straum. Dette kom også mange familiar til gode, og mange fekk innlagd straum i bustadene sine. Sjølve elektrifiseringa av jernbanenettet viser også korleis staten la til rette for industri og kommunikasjonsutvikling.
Ei anna utfordring var bustadmangelen. Gjennom heile hundreåret gjekk det føre seg ei urbanisering frå land til byar og nye tettstader. Mange unge nytta også freden til å etablere seg og stifte familie i dei første etterkrigsåra. Fødselstalet i 1946 sprengde alle tidlegare rekordar. Som følgje av urbanisering (SSB 52,2 % budde i tettbygde strøk i 1950) og befolkningsauke vart derfor bustadmangelen stor i byane. For å bøte på bustadmangelen og regulere utbygginga vart den statlege Husbanken etablert i 1946. Husbanken bidrog til gjenreising for å auke bustadstandarden hos vanlege folk til ei regulert låg rente.
Relatert innhald
I etterkrigsåra vart Stortinget overtydde om at norsk sikkerheit var avhengig av forsvarssamarbeid i Vesten og at Noreg burde bli medlem i Nato.