Hopp til innhald
Oppgåve

Tareas: Una entrevista usando un chatbot

Entrevista a una persona conocida de España. Planea y haz la entrevista en español con ayuda de un chatbot.

Til læraren

Punkta 1 til 6 i opplegget vil ta om lag ein dobbelttime. Du finn forslag til vidare munnleg og skriftleg arbeid nedst på sida.

Elevane jobbar i par og skriv saman i eit samskrivingsdokument. Dei får ein mal som dei kan bruke mens dei jobbar.

Ver merksam på at det kan vere vanskeleg å få god nok informasjon om enkelte av personane. Informasjonen ein får, avheng av datagrunnlaget som prateroboten er trena på.

Nokre praterobotar vil slette dialogen når eleven lukkar nettlesaren. Det er derfor lurt å gjere sjølve praterobot-sekvensen i ei samanhengande skuleøkt.

Viss du ikkje har brukt praterobotar så mykje i undervisning, kan det vere lurt å lese artikkelen med praterobottips til læraren.

Elevane framfører intervjuet eller speler inn ei lydfil. Bestem kva du ønsker for gruppa di, i forkant av arbeidet.

Una entrevista a una persona famosa

Jobb i par og intervju ein kjend person frå Spania.

  • Planlegg intervjuet saman, og gjennomfør det ved hjelp av ein praterobot.

  • Undersøk kva språkroboten svarer, sjekk faktum, omarbeid språket og øv på uttale.

  • Til slutt framfører de intervjuet eller speler det inn som ei lydfil. Den eine av dykk skal vere kjendisen, og den andre er journalist.

  • Ein av dykk lastar ned dokumentet nedanfor og deler det med den andre slik at de kan bruke det som eit samskrivingsdokumentet mens de jobbar.

1. Elige una persona famosa

Sjå på lista over kjende personar og bestem dykk for kven de vil jobbe med. Eventuelt kan de spørje læraren om å få velje ein annan kjend person frå Spania eller Latin-Amerika.

2. Usa un chatbot

Bruk ein praterobot, til dømes NDLAs praterobot for elevar. Be han late som han er kjendisen de skal intervjue, og be han svare på spørsmåla de stiller. Still konkrete og enkle spørsmål, men unngå gjerne ja/nei-spørsmål.

Documenta la conversación con el chatbot

Kopier samtalen med prateroboten inn i det delte dokumentet mens de jobbar. Pass på at de får med både spørsmåla og eventuelle de skriv sjølve, og dei genererte svara de får frå prateroboten.

De kan til dømes starte slik:

  • ¿Puedes pretender ser [nombre]? Me gustaría hacerte una entrevista. Kan du late som du er [namn]? Eg vil gjerne intervjue deg.

  • ¿Puedes utilizar un español sencillo y contestar como si fueras [nombre]? Kan du svare på enkel spansk og svare som om du var [namn]?

Her er døme på fleire spørsmål de kan stille:

  • ¿De dónde eres? / ¿De dónde es usted?

  • ¿Dónde vives? / ¿Dónde vive usted?

  • ¿Cómo eres? / ¿Cómo es usted?

  • Cuéntame sobre tu familia. / Cuénteme sobre su familia.

  • Cuéntame sobre tu carrera. / Cuénteme sobre su carrera.

  • ¿Cuándo empezaste como...? / ¿Cuándo empezó como...?

3. Entiende al chatbot

De får mest ut av arbeidet med roboten dersom de forstår kva han svarer. Gir han for vanskelege svar på spørsmåla dykkar, kan de be han forenkle språket, setje om eller forklare.

Her er døme på leietekstar de kan bruke til forenkling og forklaring av språk:

  • No entiendo. Eg forstår ikkje.

  • ¿Puedes decirlo de una manera más fácil/sencilla? Kan du seie det på ein enklare måte?

  • ¿Me puedes decir/explicar lo que significa...? Kan du fortelje/forklare meg kva ... betyr?

  • ¿Puedes traducirlo al noruego? Kan du setje det om til norsk?

  • ¿Lo puedes explicar en noruego/inglés? Kan du forklare det på norsk/engelsk?

Hugs å minne roboten på at han skal svare som om han er den kjende personen de har valt, om han gløymer det.

  • Debes contestar como si fueras [nombre]. Du skal svare som om du er [namn].

4. Controla la información

No er det på tide å sjekke informasjonen som prateroboten har gitt dykk.

  • Sjekk opplysningane de har fått, opp mot kjelder de stoler på.

  • Legg ved kjeldene som de bruker i faktasjekken, i dokumentet, og kommenter om dei stadfester eller avkreftar informasjonen frå prateroboten.

5. Adapta y escribe la entrevista

Ta utgangspunkt i samtalen med prateroboten og faktasjekken de har gjennomført, slik at informasjonen de bruker, er korrekt. Start på ei ny side i dokumentet, og skriv ned intervjuet de skal framføre eller spele inn.

Kor godt forstår de intervjuet de har laga ved hjelp av prateroboten? Tilpass og omarbeid språket. Språket skal vere på eit nivå som de sjølve og medelevane dykkar lett forstår. Svara "personen"/roboten gir, skal derfor vere enkle og nokså korte.

6. Practica y haz la entrevista

Bestem kven som skal vere journalist, og kven som skal vere kjendis. Byt eventuelt roller halvveges i intervjuet slik at de får snakka like mykje.

  • Bruk eit opplesarverktøy, til dømes i Word eller OneNote, for å lytte til manuset. Lytt og gjenta til de kan gjennomføre intervjuet med god flyt og god uttale.

  • Avklar med læraren om de skal framføre eller spele inn intervjuet.

Reflexión final

Reflekter munnleg eller skriftleg over prosess og produkt. Vis korleis de har jobba, og forklar kva de har lært om personen og om bruk av ein praterobot.

Svar på følgande spørsmål:

  • Korleis jobba de med prateroboten for å finne informasjon? Fortel om spørsmåla/leietekstane de brukte, og eventuelt kva justeringar de måtte gjere undervegs i samtalen.

  • Korleis gjekk de fram for å kvalitetssikre informasjonen i intervjuet? Kommenter kva informasjon frå prateroboten de eventuelt ikkje kunne bruke, og kvifor de ikkje kunne bruke han.

  • Korleis gjekk de fram for å tilpasse og forenkle språket i intervjuet? Forklar og gi døme.

  • Korleis var det å bruke ein praterobot for å lage eit intervju med ein kjend person på spansk? Kva fungerte godt? Kva fungerte mindre godt?

  • Til slutt: Kva har de lært av å jobbe med denne oppgåva?

Tareas orales y escritas

Trabajo en grupos

Jobb saman med eit anna par og framfør intervjua de har laga, for kvarandre. Stopp etter kvart svar og la det andre paret attfortelje på norsk kva dei forstod. Stadfest at dei har forstått rett, eller forklar kva de faktisk sa, før de går vidare til neste spørsmål.

Un texto

Skriv ein tekst om personen din i 5–10 minutt utan å bruke hjelpemiddel, eller skriv i 20–30 minutt og bruk hjelpemiddel som ordbok og grammatikk.

Una presentación

Praterobot-oppgåva kan vere eit godt utgangspunkt for ein presentasjon eller ein fagsamtale. Fortel om den kjende personen, og svar på spørsmåla i boksen "Reflexión final" ovanfor.

Citas rápidas

Still dykk opp i to rekker overfor kvarandre slik at alle får ein samtalepartnar. Snakk saman i par og fortel kvarandre om personen de har intervjua. Læraren set på ein alarm som går etter 90 sekund (minst eit minutt, maks to). Når alarmen går, flyttar elevane i den eine rekka seg eit trinn til høgre slik at alle får ein ny samtalepartnar.

Vocabulario para hablar

Mi persona famosa es / se llama...
Den berømte person min er/heiter ...
¡Cuéntame sobre tu persona!
Fortel meg om personen din!
Es conocido/a por...
Hen er kjend for ...
¿Dónde vive X?
Kvar bur X?
Vive en...
Hen bur i/på ...
¿De dónde es?
Kvar kjem hen frå?
Es de...
Hen kjem frå ...
¿Dónde nació X?
Kor vart X fødd?
Nació en...
Hen vart fødd i/på ...
¿A qué se dedica?
Kva jobbar hen med?
X es / trabaja de...
X er / jobbar som...
¿Cuáles son sus intereses?
Kva er hans/hennar interesser?
Sus intereses son...
Interessene hans/hennar er ...
Le interesa...
Hen er interessert i ...
Opino que X es un/una modelo/persona...
Eg synest at X er eit/ein ... forbilete/person.
Tiene/es (por ejemplo)...
Hen har/er (til dømes) ...

Denne oppgåva tek utgangspunkt i eit læringsopplegg utvikla av språklærarar ved Sjøvegan vidaregåande skule.

CC BY-SA 4.0Skrive av Stina Grolid og Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 12.08.2024